Hopp til innhold

Fylkesmannen stopper omstridt utfylling

Fylkesmannen stoppar arbeidet med den omstridde utvidinga av Vestbase i Kristiansund.

Fylkesmannen stoppar arbeidet med den omstridde utvidinga av Vestbase i Kristiansund. Naboane har protestert kraftig, og miljøvernforkjemparane er fornøgde med stopporden, men Vestbase meiner avgjerda er feil

SJÅ TV SAKA HER: Fylkesmannen stoppar arbeidet med den omstridde utvidinga av Vestbase i Kristiansund.

Naboane har protestert kraftig, og miljøvernforkjemparane er fornøgde med stoppordren, men Vestbase meiner avgjerda er feil.

– Eg må sei eg er svært overraska over at arbeidet må stoppe opp, fortel Terje Kvisvik, eigedomssjef i Vestbase etter at arbeidet no har stoppa opp i Kristiansund.

Klaga på saksbehandlinga

Utvidinga av Vestbase har skapt store diskusjonar og motstridande meiningar. No har Naturvernforbundet sett ein stoppar for alt vidare arbeid med utvidinga som forsyningsbasen har jobba for sidan 2010.

Johan Fredrik Schmedling

NØGD: Johan Fredrik Schmedling er nøgd med utfallet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Vi kan ikkje finne at det er gjort dei nødvendige avrenningane som skal gjerast i forhold til dei retningslinjene som står i naturmangfaldlova, seier Johan Fredrik Schmedling, leiar i Naturvernforbundet i Kristiansund og Averøy.

Dette fekk Schmedling til å sende inn ei klage på saksbehandlinga, noko som no har stoppa arbeidet i området.

Heilt sidan Vestbase lanserte planen om ei utfylling av Vikanholmen Vest i 2010, har naboar og miljøvernarar protestert. Arbeidet blei tillaten sett i gang, men er no stoppa medan dei ventar på fleire utgreiinga og ein fullstendig reguleringsplan for området.

Kostnadar

Kvisvik innrømmer at opphaldet vil skaper problem.

– Forseinkingar er uheldige og kostar pengar, fortel han.

Kor store kostnadane blir er framleis usikkert.

Terje Kvisvik

UHELDIG: Terje Kvisvik seier forsinkinga er uheldig.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Fyrst må vi vite kor stor den reelle forsinkinga blir for å få ei klårleik i kor lang tid det vil ta. I tillegg må vi ha samtalar med dei involverte aktørane, fortel Kvisvik.

Likevel er han klar i talen.

– Vi kjem til å halde fokus til vi er i mål. Prosjektet skal gjennomførast

Vestbase meiner dei kan dokument at Naturvernforbundet tar feil i sin klage – og har allereie påpeikt det i sitt utsegn til fylkesmannen.

– Dei har full rett til å klage, det er eit fritt land. Men dersom det finst vurderingar og undersøkingar utan at dei er lagt ved papira, so synest eg det er rart, seier Schmedling.

  • Les også: