Hopp til innhold

– Er det raudt lys - så stopp!

Ikkje alle bilistar respekterer trafikklys der det er vegarbeid. Under arbeidet med den nye gang- og sykkelvegen før Ålesund lufthamn Vigra har det oppstått fleire farlege situasjonar.

Køyrer på raudt lys på Vigra

Ein bil ventar ikkje på grønt lys. Det frustrerer vegvesenet.

Foto: Andreas Bergby / Statens Vegvesen

7000 bilar køyrer på vegen kvar dag, og passerer dei som jobbar med den nye gang- og sykkelvegen. Med skilting og lysregulering skal arbeidsdagen deira vere trygg, men sidan jul har dei registrert 70 tilfelle av bilistar som ignorerer det raude lyset.

– Det kan oppstå ganske stygge ulykker når det plutseleg kjem ein bil i 70–80 kilometer i timen, og skal ta igjen køa som køyrde på grønt, seier byggeleiar i Statens vegvesen, Andreas Bergby.

Andreas Bergby

Byggeleiar Andreas Bergby har aldri opplevd liknande som på Vigra.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Har sagt ifrå

Statens vegvesen har sagt frå til politiet, som ber dei melde syndarane. Men det er ein ressurskrevande jobb, poengterer Bergby. For dei har ikkje kapasitet til å følgje med og ta bilde av dei som bryt vegtrafikklova. Bergby ber innstendig om at bilistane tar omsyn.

– Er det raudt lys – så stopp!

Bergby fortel at to-tre bilar kan ha stoppa for raudt lys, men likevel kan ein bilist finne på å køyre forbi køa.

Har aldri opplevd liknande

– Vi har opplevd at bussar har køyrd på raudt lys også. Det har slutta når vi har tatt det opp med busselskapet. Men privatbilistane får vi ikkje gjort så mykje med, seier byggeleiaren.

Ventar på grønt lys

7000 bilar køyrer denne vegen kvar dag, og dei fleste gjer som denne bilføraren, og stoppar på raudt lys.

Foto: Andreas Bergby / Statens Vegvesen

Han er naturleg nok opptatt av tryggleiken til dei som jobbar langs vegane, og anleggsarbeidarane blir frustrerte når ikkje ein gong dei som kjem frå flyplassen har tid å vente eit par minutt.

– Så ille som vi har hatt det på prosjektet på Vigra har eg ikkje opplevd før, seier Andreas Bergby.

Også innsatsleiar Per-Kristian Sporsheim strekar under kor viktig det er at bilistar stoppar på raudt lys.

Skjulte kontrollar

– Ein ting er at det er ulovleg, og kan føre til store bøter eller inndratt førarkort. Ein annan er at det kan vere farleg når ein møter bilistar som trur dei har fri veg. Det kan medføre store personskadar, åtvarar Sporsheim.

Vegarbeid på Vigra

Vegvesenet lagar gang og sykkelveg på Vigra. Mange av dei som passerer køyrer på raudt lys.

Foto: Anders Bergby / Statens Vegvesen

Han fortel at politiet frå tid til anna får melding frå vegarbeidarar om at trafikantar ikkje tar nok omsyn til skilting og lysregulering. Då kan politiet sende ei patrulje som først ser korleis arbeidet er organisert, og om arbeidarane har gjort seg godt synleg.

– Men politiet kan også ha skjulte kontrollar, der vi observerer åtferda til bilistane, og kan reagere ut frå det.