Hopp til innhold

Stod fast i fjellet

To fjellklatrarar melde til politiet klokka 14.00 at dei hadde gått seg fast på 1300–1400 moh. Det gjekk steinsprang rundt dei, og det var vanskeleg å feste utstyr. Dei to, ei kvinne og ein mann i 20-åra, var då på vestsida av Venjetinden i Rauma kommune, og begge hadde det bra. Seeking var i nærleiken og melde til hovudredningssentralen at begge var trygt nede klokka 15.42.