Hopp til innhold

Stille frå Mannen i natt

RAUMA/ÅLESUND (NRK): Det har vore lite utvikling i bevegelsane ved Mannen natt til onsdag.

Skredet fra "Mannen" kan komme når som helst.

STILLE: Bevegelsane i fjellet mannen har ikkje auka noko særleg natt til onsdag.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Det fortel geolog Einar Anda ved Åknes-Tafjord beredskapssenter til NRK no i morgontimane. Det har vore bevegelsar i fjellet, men ikkje særleg auke i løpet av natta.

– Hastigheita i den aktive fjellmassen har blitt redusert, så fjellet bevegar seg mindre og seinare enn det gjorde på det maksimale i går, seier Anda.

Ikkje snakk om stabilisering enno

Dei store nedbørsmengdene som kom tysdag sette fart i bevegelsane i Mannen, og ein trudde lenge at skredet ville gå i løpet av dagen i går. Slik gjekk det altså ikkje.

Einar Anda

SAKTARE: Geolog Einar Anda fortel at bevegelsane i Mannen er saktare enn dei har vore tidlegare.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / nrk

– Vil du seie at fjellmassane i Mannen har stabilisert seg?

– Det er det for tidleg å seie noko om. Vi må få tid til å vurdere situasjonen skikkeleg, og diskutere saka internt før vi kan trekkje ein konklusjon, seier Anda.

Det er venta mindre nedbør og minusgrader i fjellet onsdag, noko som påverkar utviklinga i den aktive fjellmassen.

– Det betyr at den nedbøren som kjem vil leggje seg som snø på toppen og vil difor ikkje tilføre vatn til fjellmassane. Det er problematisk ettersom vatn er det som har sett i gong bevegelsane den siste tida, seier Anda.

Usikkert når raset vil gå

NRK sin reporter på staden kan onsdag morgon fortelje at det har vore ei spennande natt for alle dei involverte i Rauma. Det har vore svak vind i området, og det var lenge opphaldsvêr, men i morgontimane onsdag byrja det å regne igjen.

Sivilforsvaret passer på Mannen i Rauma

Sivilforsvaret og politiet er på plass i området.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Like før klokka tre tysdag ettermiddag høyrde Sivilforsvaret og NRK sine reporterar på staden drønn frå Mannen. Totalt sett har sprekkane i fjellet auka dei siste dagane, men hastigheita har vore varierande.

Sivilforsvaret sin lyttepost har følgt nøye med gjennom nattetimane, men det har så langt ikkje vore teikn til nye steinsprang i Mannen.

Geologane måler farten på utglidinga i fjellet. På pressekonferansen tysdag kveld på Åndalsnes i Rauma uttrykte geolog Lars Harald Blikra stor uvisse om kor fort utglidinga i fjellet skjer.

– Fjellet har vore vanskeleg å forstå. Det har vore uroleg, med målingar som er vanskelege å tolke, sa sjefgeolog Lars Harald Blikra tysdag kveld.

Følgjer nøye med

Tysdag målte Åknes Tafjord Beredskap bevegelsane i fjellet kvar halvtime. Ut over dagen gjekk geologane over til å måle kvart femtande minutt. Bakgrunnen var at det rett og slett var vanskeleg å tolke signala frå fjellet.

– Ei periode gjekk det saktare, sjølv om det framleis er høge hastigheiter. Men det går fram og tilbake, og akkurat no er vi usikre på kva som skjer, sa sjefgeolog Lars Harald Blikra under ei pressekonferanse tysdag kveld.

Geologane vil halde fram med undersøkingar onsdag, og håpar då å få meir informasjon rundt situasjonen. Sprenging har so langt ikkje vore vurdert som eit alternativ. Det blir fyrst aktuelt dersom skredet dreg ut i tid.

Direkte: Bilder fra fjellet Mannen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL