Hopp til innhold

Sterk frustrasjon bak Nordmørslista

Sterk frustrasjon ligg bak etableringa av nordmørslista som stiller til fylkestingsvalet til hausten. Sjukehussaka var dropen, men langt frå den einaste grunnen, seier initiativtakarane.

Anne Grethe Holmen

Anne Grethe Holmen er ein av intiativtakarane til Nordmørslista. No jaktar dei på listekandidatar til fylkestinget.

Foto: Privat

– Vi føler at vi blir tappa heile tida, ikkje minst for kunnskapsbaserte arbeidsplassar. Vi har sjølvsagt sjukehuset som utløysande faktor, men det er fleire ting som ligg bak.

Det seier Anne Grete Holmen. Ho er ein av fleire som står bak den partipolitisk uavhengig lista.

– Vi får heile tida høyre at det er kjøttveka som rår, er vi minst så får vi minst. Difor er det nødvendig å kjempe for regionen.

Ho seier dei mellom anna kjem til å jobbe for helsetilbod, samferdselstilbod, rammevilkår for næringslivet og for å skaffe fleire offentlege arbeidsplassar til nordmørsregionen.

– Misnøya kjem meir til overflata for kvar dag. Nordmøringar er sindige folk, men no ser vi eit formidabelt raseri som ikkje går over, seier Holmen.

Fylkesordføraren er avventande

Jon Aasen, fylkesordførar i Møre og Romsdal ( Ap)

Jon Aasen er fylkesordførar for Arbeidarpartiet.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det er førebels ikkje klart kven som stiller på den nye lista. Fylkesordførar Jon Aasen frå Arbeidarpartiet vil vente til han ser namna før han vil seie kva dette betyr for dei politiske partia.

– Men det er klart at alle lister som dukkar opp representerer stemmer til lista i staden for eit politisk parti, og det er jo utfordrande for alle, seier Aasen.

Geir Ove Vegsund

Fylkesleiar i Høgre, Geir Ove Vegsund, fryktar ikkje å misse veljarar til nordmørslista.

Foto: Trond Vestre / NRK

Fylkesleiar i Høgre, Geir Ove Vegsund, fryktar at denne og dei to sunnmørslistene kan vere til hinder i arbeidet med å bygge ein sterk region.

– Det kan føret til at vi får fokus på dei lokale sakene i staden for å bygge ein sterk region, og det meiner eg er uheldig. Vi har stort behov for å samle fylket og stå fram som eit alternativ til Trondheim og Bergen, seier han.

Trur dei vil stele stemmer frå alle parti

Høgre har slite på Nordmøre etter sjukehussaka. Aasen trur det kan føre til at lista stel stemmer frå det partiet.

– Det kan vere nærliggande å tru at høgrefolk ser dette som eit alternativ, men det er vanskeleg å seie før vi ser namna på lista.

Vegsund har eit anna syn.

– Eg trur ikkje dette vil vere spesielt for Høgre. Dette handlar om å styrke sin eigen region, så dette vil nok vere tverrpolitisk samansett