Hopp til innhold

Sterk auke i talet på saker til barnehuset

Talet på barn som kjem til avhøyr ved barnehuset i Ålesund er sterkt aukande. Til no i år har 78 barn vore innom huset, og det er nesten 45 prosent fleire enn i fjor.

Statens barnehus Ålesund

Fleire barn enn før kjem hit til Statens barnehus i Ålesund. Huset har vore i drift sidan 2012 og tar i mot barn som skal avhøyrast om mistanke om vald eller overgrep.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Ingrid Heggli

Ingrid Heggli er leiar ved Statens barnehus i Ålesund.

Foto: Besnik Zogaj / NRK

– Vi brukar å seie at du ser det ikkje før du trur det.

Det seier Ingrid Heggli, som leiar Statens barnehus i Ålesund. Ho meiner auken skuldast større openheit om overgrep mot barn.

– Vi ser at det er fleire som tør å melde frå. I tillegg er det meir kunnskap hos tilsette i skular og barnehagar om å møte barn som har vonde opplevingar.

På barna sine premissar

Statens barnehus i Ålesund

Barna skal oppleve barnehuset som ei trygg ramme.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Når det er mistanke om at eit barn er utsett for vald eller overgrep er det hit dei kjem. På barnehuset skal møtet skje på barnet sine premissar. Glade farga, leiker og skjerma omgjevnader skal gjere situasjonen minst mogleg belastande for borna som skal fortelje si historie.

– Det kan vere at eit barn har fortalt om eitt slag frå far, som i utgangspunktet ikkje verkar så alvorleg, men at dei ikkje greier å setje ord på heile historia si.

Heggli seier barnet kan prøve å få ein vaksen si merksemd med å fortelje litt.

Dommerrom Statens barnehus Ålesund

Dommarrommet på barnehuset i Ålesund

Foto: Gunhild Sætre / NRK

– Når barna kjem til oss, hender det at vi får høyre om omsorgssvikt og psykisk mishandling over fleire år, og at slaget berre var toppen av isfjellet.

Same tendens over heile landet

Auken i Ålesund er på nær 45 prosent. Delar av dette skuldast truleg at ordninga med avhøyr på barnehuset ikkje omfatta heile fylket i fjor. Men Heggli seier auken er både merkbar og reell.

– Eg har vore i kontakt med barnevernet både i Ålesund, Molde og Kristiansund, som fortel om mange fleire slike saker det siste halvåret.

Og tendensen er den same over heile landet når ein region har fått barnehus. Heggli meiner det skuldast at ein dermed har fått eit team av ressurspersonar som kan dele kompetanse.

– Det handlar om å sjå det ein ser. Det er noko med det å med seg erkjenninga av at barn og unge blir utsett for overgrep. Forsking viser at det kan gjelde så mange som 25 prosent av barn i Noreg, så det finst og då må vi sjå det.