Hopp til innhold

Stearinlys er ikkje lenger brannversting

Bruken av stearinlys er ikkje lenger det som vekker mest uro blant forsikringsselskapa.

Mobillader.

Ladarar, og spesielt mobilladarar har blitt ein av dei største brannfarane i dag.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Desember er ein månad der det tradisjonelt har blir sett eit ekstra fokus på brannfarane rundt oss. No er det likevel andre ting som uroar forsikringsselskapa meir enn bruken av stearinlys.

Kjellarleiligheit

Kjellarrom og ungdomsrom med mange ladarar og kontaktar har blitt ei av dei største brannfarane i dag.

Foto: Arne Flatin / NRK

I ei typisk kjellarstove i Moltustranda sitt fire tenåringar på kvar si datamaskin som er kopla til ein ladar. Og det er nettopp dette forsikringsbransjen no ønsker å sette it fokus på.

– Den største brannfella dei siste åra er faktisk noko veldig daglegdags, nemleg ladarar. Mobilladarar er spesielt utsett mellom anna fordi mange let ladaren stå i kontakta, og fordi mange vel å lade om natta.

Statistikken viser at dette var årsaka til heile 39 brannar berre i fjor, seier Fred Hansen, salsleiar i Møretrygd.

Viktig å vite risikoen

Bruk av stearinlys er naturlegvis framleis viktig å halde auge med dei neste vekene, men særleg lading av elektronisk utstyr er kanskje endå viktigare.

– Eit typisk eksempel er at nokon ikkje har nok kontaktar og brukar fleire skøyteleidningar. Ein skal aldri sette stikkontaktar inn i andre stikkontaktar, det kan vere svært brannfarleg, seier Hansen.

Fred Hansen, salsleiar i Møretrygd.

Forsikringsbransjen ønskjer å sette eit ekstra fokus på brannfarleg lading.

Foto: Arne Flatin / NRK

Sofie Lovise Lillestøl Hansen er klar over farane ved lading, men trur ikkje alle på hennar alder er like opptatt av det.

– Nei, eg trur det er mange som ikkje er klar over risikoen, det er mange av vennane mine som ikkje er det, seier ho.

Etter mange år i bransjen meiner han det er viktig at foreldre passar ekstra godt på såkalla ungdomsrom.

– Det er ikkje å legge skjul på at ungdomsrom og kjellarrom har blitt ei av dei største brannfarane i dag, seier Hansen.

Mobil lader kan vere ei brannfelle.

Sjå tv-saka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no