Hopp til innhold

Avsluttar søk inntil vidare

Politiet og redningssentralen avsluttar no luftsøket ved Meisingset i Tingvoll kommune.

Meisingset

Det var i 18.30-tida laurdag kveld at ein jeger på Åsprongmyran ved Meisingset i Tingvoll kommune skal ha mottatt eit mayday-signal på jaktradioen, og det vart difor sett i gang eit luftsøk med Sea King- helikopter i området.

Klokka 20.00 valde politiet, i samråd med Hovedredningssentralen i Sør-Norge, å avslutta søket.

– Vi har gjennomført eit grundig luftsøk, men har ikkje sett teikn til nokon, og har difor valt å avslutte søket, seier Siri Engdahl, operasjonsleiar i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

– Vi har også prøvd å få kontakt gjennom jaktradioen, men har ikkje fått noko svar, held ho fram.

Stort område

Både politi og anna leitemannskap rykte raskt ut til området der meldinga kom frå. Politiet veit ikkje noko om kven som sende meldinga, eller kvar personen som sende ut signalet er.

– Området er for stort til at det er mogleg å leite gjennom det til fots. Dersom vi får nye meldingar vil vi sjølvsagt starte opp att søket, seier Engdahl.

Politiet har så langt ikkje fått melding om at nokon skal vere sakna i det aktuelle området.

– Vi oppmodar publikum til å ta kontakt dersom dei veit om nokon som er i området som ikkje har gitt lyd frå seg. Vi har også bedd andre jegerar i område om å varsle oss dersom det kjem nye mayday-signal, seier operasjonsleiaren til NRK like etter klokka 20.00 laurdag kveld.