Hopp til innhold

Stal sovemedisin frå død pasient i Kristiansund

Ei kvinne i heimetenesta i Kristiansund er meld til politiet for tjuveri av sovemedisin frå ein død pasient.

Tabletter

Kvinna har vedgått at ho tok to brett med sterke smertestillande og ei øskje med sovemedisin. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Julija Sapic / Colourbox

Det var dei to kollegaene som slo alarm, då dei såg at kvinna tok sovemedisinen til ein avdød pasient og gøymde under arma. Deretter tok ho nokre brett med sterke smertestillande tablettar, og putta i veska si.

Dermed varsla dei to kollegaene avdelingsleiaren sin, som igjen varsla politiet og Fylkesmannen.

Fredag skreiv Romsdals Budstikke om ein annan tilsett i Molde, som stal morfin frå sin arbeidsplass.

Kan misse autorisasjonen

No kan kvinna misse autorisasjonen, etter at Statens helsetilsyn har fått saka på bordet.

– Det er alltid alvorleg at folk misbrukar tilliten til arbeidsgjevarar og pasientar ved å stele, seier fungerande fylkeslege Cato Innerdal til NRK Møre og Romsdal.

Sto på bordet i vaktrommet

Ifølgje rapporten til Statens helsetilsyn, sto medisinen på bordet i vaktrommet, der vedkomande arbeidde. Her hamna den, etter å ha blitt henta inn frå ein avdød brukar. Innhentinga skjedde i tråd med retningslinene for heimetenesta, om å sende medisin til apotek for destruksjon.

Medan to kollegaer såg på, forsynte kvinna seg først av sovemedisinen, deretter dei smertestillande tablettane.

Har vedgått tjuveriet

I rapporten til Statens helsetilsyn kjem det fram at kvinna har vedgått tjuveriet overfor arbeidsgjevaren sin. Der skal ho også ha forklart at ho allereie same kveld tok ein tablett med sovemedisinen, utan å kunne forklare kvifor ho stal tablettane.

Kvinna er no suspendert frå stillinga si og Kristiansund kommune har meldt henne til politiet.