Hopp til innhold

Stal morfin og erstatta med anna væske

Ein tilsett ved eit omsorgssenter i Molde har vedgått å ha stole morfin og Sobril-tablettar, skriv Romsdals Budstikke. For å unngå å bli oppdaga skal morfinen ha blitt erstatta med anna væske.

Vaksine

Ein tilsett ved eit omsorgssenter skal på nytt ha stole morfin på arbeidsplassen. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Det var Romsdals Budstikke som fredag ettermiddag omtalte saka først.

Ifølgje avisa har ein person vedgått å ha stole morfin, Sobril-tablettar og Targiniq-tablettar frå arbeidsplassen sin, eit omsorgssenter i Molde.

Tjuveriet blei både oppdaga og oppdaga i september.

Skal ha erstatta morfinen

Ifølgje avisa er morfinen trekt ut av ampullane med sprøyte, og deretter erstatta med ei anna væske, kanskje saltvatn.

Assisterande fylkeslege Cato Innerdal seier til avisa at mistanke om svinn gjorde at kommunen sjekka ekstra nøye, og dermed også fann små hol i ampullane.

Ifølgje Romsdals Budstikke meiner fylkeslegen at dette medfører ein risiko for pasienttryggleiken, sidan pasientane i ein kritisk situasjon vil bli tilført noko anna enn dei nødvendige legemidla.

– Dette er vesentleg informasjon i saka, fordi måten tjuveriet er gjennomført har sett pasientane sin tryggleik i fare, seier Innerdal til avisa.

Ser alvorleg på saka

Avisa har fått tilgang på rapporten som fylkeslegen no har oversendt Helsetilsynet, og herifrå skal det ha kome beskjed om at dei vurderer å suspendere autorisasjonen til den tilsette, fram til saksbehandlinga er fullført.

– Tjuveri av vanedannande legemiddel frå arbeidsplassen representerer eit grovt tillitsbrot overfor både arbeidsgjevar og kollegaer, heiter det i fylkeslegens vurdering av saka.

Ikkje første gang

Det skal ikkje vere første gang den tilsette har gjort eit slikt tjuveri. Romsdals Budstikke skriv at Helsetilsynet tidlegare har tilbakekalt autorisasjonen ein gong før, for eit liknande lovbrot.

Ifølgje politiet er saka ferdig etterforska, men ikkje avgjort.