Hopp til innhold

Trur det er proffe tjuvar som stal GPS

Tjuvar har knust seg inn i 15 bilar ved Møller bil i Ålesund og tatt navigasjonsutstyr. Politiet leitar etter DNA og fotavtrykk.

Innbrot i bilar i Ålesund

Tjuvar har demontert navigasjonsutstyr og tatt det med seg. Politiet er på staden for å sikre spor.

Foto: Remi Sagen / NRK

I dag tidleg vart det oppdaga innbrot i fleire bilar som stod utanfor Møller bil i Ålesund. Tjuvane har knust rutene og tatt ut navigasjonsutstyr, radio og CD-spelarar frå 15 bilar.

– Dette er folk som veit kva dei er ute etter. Det kan vi sjå på måten dei har demontert utstyret frå bilane. Det er proffe folk, seier bruktbilsjef Bjørnar Giske.

Har leita gjennom alle bilane

Bilforretninga vart utsett for same tjuveri for to år sidan. Denne gongen har tjuvane skrapa is av alle bilane for å leite etter det rette utstyret.

– Dei som vert skadelidande er kundane våre som ventar på å få levert ny bil denne veka. No hiv vi oss rundt for å få tak i nye delar, seier Giske.

Sikre spor

Politiet er på staden for å sikre spor. Dei leitar mellom anna etter DNA og fotavtrykk. Politibetjent Karl Jonas Volen seier at utstyr for store verdiar er forsvunne.

– Det er også gjort ein del skadeverk som vil koste mykje pengar, seier Volen. Han vil ikkje spekulere i om dette er eit bestillingstjuveri.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL