Hopp til innhold

Stadig færre elevar brukar nynorsk

Talet på elevar som brukar nynorsk i skulen er på veg ned. Nye tal frå Utdanningsdirektoratet viser at det no er i overkant av 77.000 elevar som har nynorsk som opplæringsspråk.

Skole

Bokmål tek i stadig større grad over som opplæringsspråk, medan nynorsken går tilbake. I Noreg har i overkant av 77.000 elevar nynorsk som hovudmål.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Talet på nynorskelevar går ned i to av tre norske kommunar. Det siste året har talet på elevar med nynorsk som opplæringsspråk gått ned med 1400. Dei siste fire åra har talet på nynorskelevar gått ned med 6 prosent, skriv Kommunal Rapport.

I Halsa på Nordmøre er det i år 18 nynorskelevar. For eitt år sidan var det 104. Halsa er den kommunen i Noreg som har størst prosentvis nedgang i talet på elevar med nynorsk som hovudmål.

Ola Rognskog

Ola Rognskog er ordførar i Halsa.

Foto: Roar Halten / NRK

Steinar Bergsland.

Steinar Bergsland er ordførar i Tinn.

Foto: Tinn KOmmune
– Vi slo saman skulane og ein ny fellesskule for heile kommunen vart teken i bruk i haust. I forkant av det hadde vi ei folkerøysting om hovudmålet. Tidlegare har nokre skular hatt nynorsk, men no er det bokmål for heile skulen. Eg trur det handlar mykje om tilgjengelege læremiddel, og her er òg ein psykologisk effekt, seier ordførar Ola Rognskog til Kommunal Rapport.

Dei aller fleste nynorskelevane går på skular i Rogaland, Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. 89 prosent av alle nynorskelevane går på skule i eitt av desse fylka.

Telemark har tidlegare vore eit sterkt nynorskfylke. Tinn i Aust-Telemark hadde 130 elevar med nynorsk som hovudmål for fire år sidan. No er det berre fem att, ifølgje den nye statistikken. Også i denne kommunen var det folkerøysting om opplæringsspråket.

– Dette var eit ønskje frå elevane og foreldra. Elevane har moglegheit til å ha nynorsk, men i dag er det berre fem elevar som har vald å halde fram med nynorsk. Berre ein av desse går i barneskulen, seier ordførar Steinar Bergsland til avisen.

Fleire av kommunane med nedgang i opplæringsspråket har nynorsk som administrasjonsspråk. Ei rekkje av desse kommunane er organiserte i Landslaget for nynorskkommunar.

– For oss er ikkje dette nokon hyggelege statistikk. Di meir ungdommar ser at nynorsk vert nytta i dagleglivet, di meir naturleg er det å ta det i bruk. Svært få vekeblad og større aviser nyttar nynorsk, seier styreleiar i Landslaget for nynorskkommunar (LNK), Astrid Myran Aarvik til Kommunal Rapport.