Hopp til innhold

Stadfestar myten om sunnmøringen

Myten om sunnmøringen som strevsam og sparsam blir langt på veg stadfesta i ei ny bok. Når 250 år med næringslivshistorie er samla mellom to permar, trur forfattaren mange vil kjenne igjen sunnmøringen i det han skriv.

Bøker i kasse

Ei ny bok om industrihistorie stadfestar myten om Sunnmøringen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Eldar Øyehaug Høidal

Forfattaren meiner det er mykje å lære av historia.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

«Gull av gråstein » er tittelen på boka, og det er nettopp det forfattar Eldar Øyehaug Høidal meiner mange bedriftsleiarar på Sunnmøre har greidd å skape gjennom historia.

– Sunnmøringen er kanskje ikkje den som kjem med ideane først, men han er heller den som tilpassar og industrialiserer og gjer ideane relasjonelle og lønsame. Han har ein god foretningsteft og teft for det som er aktuelt i marknaden og som folk treng til ei kvar tid, summerer opp han.

Illustrasjon i bok

Møbelindusstrien har fått stor plass i boka.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Boka tar for seg næringsliv i stor breidde, både fiskeri, jordbruk, handelsnæring og industri. Både møbelindustrien og den maritime industrien har fått god plass i boka, som er illustrert med over fem hundre bilete av fotograf Kjetil Tandstad.

Meiner det er viktig å sjå framover

Forfattaren har sett på dei siste 250 åra, og brukar denne kunnskapen til å analysere dagens industri, der særleg skipsbygging har tatt over. Han peikar på at det er andre strategiar som gjeld i Noreg enn i mange av landa vi elles konkurrerer med.

– Det er klart at det er utfordringar for industrien, og særleg for oss som er eit høgkostland. Då må ein alltid passe på vere smartast og ikkje billegast.

Øyehaug Høidal meiner det er nettopp innanfor innovasjon og nyskaping utviklings- og kompetansehevingsarbeidet må gjerast i framtida.

– Vi ser at det skjer mykje spennande rundt høgskulane, som har veldig nær kontakt med næringslivet.

Han meiner dette er eit særtrekk for den sunnmørske arbeidsmåten.

– Det er ikkje den store akademiske tradisjonen, men det er ein sterk tradisjon for kontakt mellom dei som utviklar kunnskap og hentar inn kunnskap og dei som er næringsutøvande. Og det er eit trekk som nok blir viktig også i framtida, seier Øyehaug Høidal.

  • Sjå tv-innslag:
    Det er mange mytar om sunnmøringane si rolle i næringslivet.
No har boka om næringsutviklinga på Sunnmøre gjennom 250 år kome.