Hopp til innhold

– Det er så digg å trene!

Sommarferie er for mange synonymt med late dagar og avkopling. Dei energiske deltakarane på sommarleiren "Barnas Mesternes Mester" på Kråmyra i Ålesund, ligg derimot ikkje på latsida.

Vektløfting

Dei vel vekk avslapping til fordel for trening og aktivitetar i sommarferien sin. Det deppar ikkje Cecilia Taylor (t.v), Amanda Klokk og Vilde Hanken noko særleg over. Dei tre gjer her som heltane sine i 'Mesternes Mester', nemleg å halde ei vekt over hovudet lengst mogleg.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

For andre året på rad får born utfalde seg i tøffe øvingar på Kråmyra i Ålesund.

Danseoppvisning

Innimellom øvingane koreograferte instruktørane danseoppvisningar for deltakarane.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

– Det er så digg å trene! Mykje betre enn å vere lat, sa Nikolai Engeseth (7) i det han lett som ei fjør, spurta gjennom ei hinderløype med bratte skrentar og skråveggar.

Det var liten tvil om at Nikolai og dei andre deltakarane på sommarleiren "Barnas Mesternes Mester" hadde det svært kjekt. NRK Møre og Romsdal var til stades då 150 born i alderen 7 til 13 år boltra seg på og kring Aalesund FK si ikoniske, tidlegare heimebane.

Borna fekk prøve seg i meir enn 30 ulike øvingar, som tårnbygging, hinderløp, presisjonskast med egg, hugseleik, bryting og "idioten". Sistnemnte øving gjekk ut på å springe fram og tilbake så mange gongar ein fekk til for å byggje ein figur av legoklossar.

Dei fleste øvingane var faktisk heilt like dei Dag Erik Pedersen gir deltakarane i programmet "Mesternes Mester".

Åsta Brande og Nikolai Engeseth

Åsta Brande (8) og Nikolai Engeseth (7) er her nettopp ferdig med ein brytekamp. Dei ynskjer seg allereie tilbake til 'Barnas Mesternes Mester' neste år.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Hinderløype og skyting kjekkast

Nikolai Engeseth (7) og Åsta Brande (8) var klare i si sak. Hinderløypa og luftgeværskyting var det kjekkaste på sommarleir.

– Det er hardt og slitsamt, men det går heilt greit altså, sa Åsta, før Nikolai la til:

– Vi må vere veldig raske og sterke for å klare alle øvingane. Er vi ikkje det lukkast vi ikkje!

Elisabeth Sørland

Elisabeth Sørland (8) satt ein svært sterk personleg rekord i øvinga '90-graderen', då ho satt slik i heile 22 minutt! Dei siste minutta hadde ho imponerande 15 kilo ekstra vekt på låra.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Inspirert av TV-program

Det etter kvart godt kjente TV-programmet "Mesternes Mester" har inspirert fysioterapautane i bedrifta Delta Aktivt, til å utfordre born til å prøve mange av dei øvingane idrottslegender som Trine Hattestad, Espen Bredesen og Ailo Gaup har stått ovanfor gjennom fleire sesongar med suksesskonseptet.

– Vi meiner dette er eit godt alternativ til fotball- og handballskular som blir arrangert her i byen om sommaren. Det var etter det vi kunne sjå eit sterkt behov for anna enn ballidrott, seier dagleg leiar og fysioterapeut i Delta Aktivt, Hilde Stette.

Lina Helen Lie

Lina Helen Lie (13) sette personleg og ny sommarleirrekord i hinderløypa kring Kråmyra.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Lite knall og fall

Ein skulle kanskje tru at det er mykje blåmerker og sår involvert når over hundre born spring rundt i tøffe hinderløyper og opp og ned stupbratte bakkar. Det er langt i frå tilfellet, i følgje Hilde Stette.

– I fjor regna det enormt mykje siste dagen og vi måtte sikkert bruke tjue isposar. I år har det vore meir opplett, og berre eit par av borna har fått småskadar. Dei er ikkje heilt ufarlege desse øvingane, men at aktive born skadar seg litt no og då er heilt normalt.

– Eit lite kutt i kneet eller ein liten kul i panna er ikkje noko farleg, seier fysioterapeuten.

Litt knall og fall høyrer med, men pågangen for å få bli med på sommarleiren blir berre større.

– I fjor var det så mange som stod på venteliste at vi i år arrangerer ein sommarleir til, siste veka før skulestart, seier Hilde Stette i Delta Aktivt.

Oddvar Engeseth og Iver Brande Olvik

Oddvar Engeseth (9) og Iver Brande Olsvik (10) kosa seg med pølse i brød mellom øktene.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK