Hopp til innhold

– Gull- og diamanttjuveri kan sporast til Aust-Europa

Politiet meiner dei kan spore det store gull- og diamanttjuveriet på Moa til Aust-Europa. Tjuvane tok seg gjennom taket utan at alarmane vart utløyst.

Bjørklunds gull og ur

Fort snart tre veker sidan braut tjuvar seg inn på Moa og fekk med seg store verdiar frå gullsmedforretninga Bjørklund.

Foto: Maria Holand Tøsse / NRK

Tjuveri på Moa

Her er eit av hola tjuvane tok seg inn gjennom.

Det var for snart tre veker sidan at tjuvar fekk med seg gull, diamantar og klokker for store verdiar frå forretninga Bjørklund Ur og gull på kjøpesenteret Moa i Ålesund.

Tjuvane tok seg gjennom taket, inn gjennom fleire andre forretningar og forsynte seg frå gullsmedforretninga utan at alarmane blei utløyste. Tjuveriet vart utført på ein svært profesjonell måte.

– Vi har klare spor i saka og dei peikar mot Aust-Europa, seier etterforskingsleiar Terje Rishaug.

Fleire liknande saker

Terje Rishaug

Etterforskingsleiar Terje Rishaug seier at spora peikar mot Aust-Europa.

Foto: Stig Morten Waage / NRK

På Austlandet har det vore fleire liknande tjuveri. Blant anna vart det natt til 21. september stole gull og diamantar frå Rygge storsenter. Gjerningsmennene brukte same metode ved å ta seg inn i butikken gjennom å bore hol i taket.

Dei siste fem åra har det dessutan vore fleire tjuveri på Nordvestlandet, utført på ein slik profesjonell måte. Politiet utelukkar difor ikkje ein samanheng mellom gulltjuveria.

Samarbeider

I dag dreg representantar frå politiet i Ålesund til Oslo for å møte Kripos og andre politidistrikt som har opplevd liknande tjuveri.

– Vi har jobba intensivt sidan tjuveriet og har samla informasjon som vi er i ferd med å analysere, seier Rishaug.

Tyver har brutt seg inn i gullsmedforretning i Ålesund. Politiet har startet etterforskningen.

Sjå video: Tjuvane fekk med seg store verdiar frå gullsmeden på Moa

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL