Hopp til innhold

Trøbbel for Neas: utstyr til ny straumforsyning tatt i arrest

Vogntoget på 21 meter og 94 tonn skulle frakte utstyr til bygginga av ei ny og betre straumforsyning til Kristiansund. Fredag kveld blei køyretøyet tatt i arrest etter at sjåføren trassa eit pålagt køyreforbod.

Kjempetransport stansa på grunn av manglar

Dette vogntoget skulle ha vore på veg til Kristiansund, men blei stansa på grunn av manglar.

Foto: Neas

Dette er ei lei sak for alle, men aller mest for den italienske leverandøren som trudde dei hadde sikra trygg transport, seier HMS-koordinator Andrè Gjørven i kraftselskapet Neas.

Han ventar framleis på utstyret dei skal montere, etter at spesialtransporten no er tatt i arrest.

Stakk av frå kontroll

Sist veke kom transporten til Noreg og av båten i Larvik. Der blei den stansa av norske styresmakter, ifølgje avisa Gudbrandsdølen Dagningen fordi dei ikkje hadde betalt alle avgifter.

Operasjonsleiar Alf Harald Rosenberg ved Gudbrandsdalen politidistrikt seier til avisa at sjåføren valde å køyre vidare, og at politiet difor hjelpte Statens vegvesen med å følgje etter han.

Fredag blei han stansa på trafikkstasjonen på Otta – og der står den framleis.

Fleire manglar

Ifølgje nettstaden tungt.no avdekte den første kontrollen fleire manglar. Mellom anna var vektfordelinga feil og vogntoget var også så tungt at det etter lova skulle hatt følgjebil, noko det ikkje hadde.

Det italienske selskapet hadde på førehand søkt dispensasjon for å frakte tung last, men vekta skal ha vist seg å vere høgare enn det som var meldt inn, skriv nettstaden.

Også Gjørven stadfestar dei blei kontakta av vegstyresmaktene og opplyst om at transporten var blitt stansa.

Forseinka fleire gongar

Saka får også konsekvensar for dei to andre trafostasjonane som skal til Kristiansund. Det same transportselskapet var i utgangspunktet hyra inn for å frakte alle tre. No må den italienske leverandøren inngå nye avtalar om levering. Gjørven håper dette ikkje byr på for store vanskar.

–Vi får tru at dei lykkast i å finne ein transportør som er kvalifisert heile vegen fram.

Alt for ei veke sidan blei gatene i Kristiansund sperra av i påvente av den store transporten. Sidan har det blitt fleire forseinkingar, men Gjørven seier likevel folk ikkje skal merke noko av det.

–For oss blir det nokre omrokeringar, vi har mange arbeidslag som jobbar saman om dette, men vi skal få det til å gå opp. Vi håper at vi ikkje blir særleg forseinka, seier han til NRK.