Ståle Hatløy i Hatløy Maritime vil ikkje ut med kor mykje kontrakten er verd, men i dei tøffe tidene som er no er det grunn til å tru at avtalen er avgjerande for selskapet si framtid.
Når desse 15 hurtiggåande gummibåtane er leverte er det stor sjanse for at det kan verte ytterlegare båtar. Kleven skal bygge minst to ekspedisjonshurtigruter som også truleg vil trenge fartøy av same type som Hatløy no leverer.
Øyvind Gjerde Kamsvåg har teikna båtane. Han er medeigar i selskapet Hatløy Maritime. Han er mest kjend for å vere den som utvikla X-bowen på Ulstein. Han er sjefdesigner i Ulstein, men teiknar båtar på fritida og har altså ein eigardel i Hatløy Maritime.
Karin Strand er feltansvarleg i Hurtigruten. Ho seier dei no har inngått eit veldig fruktbart samarbeid med Hatløy. Dei 15 båtane skal brukast i Antarktis på Midnatsol. Båtane er spesialbygde og skal frakte passasjerar trygt til og frå landingsplassane i Antarktis, seier Strand til NRK.
For Hurtigruten var det viktig at båtane var kraftige og allsidige og at dei toler mykje. Styrke og passasjerkapasitet var viktig, seier Strand.
Ho seier at det fort kan verte fleire slike leveransar, men at dei tek ei vurdering etter den første sesongen.