Hopp til innhold

Byr på hemmeleg stunt i Kristiansund

Kristiansundarane førebur seg på hemmeleg stunt til MS Sjøkurs og NRK Sommeråpent besøker byen i morgon.

MS Sjøkurs, Sommeråpent 2013

I morgon kjem MS Sjøkurs og Sommeråpent til Kristiansund. Her frå opphaldet i Kristiansand for ein månad sidan.

Foto: Asbjørn Odd Berge / NRK

Kristiansundarane førebur seg på å ta imot NRKs sommarbåt Sjøkurs som i morgon skal sende ein time med tv-program frå byen.

Kommunen, turistnæringa og andre bedrifter satsar no stort for å få til ein folkefest på tv-skjermane gjennom NRK-suksessen Sommeråpent.

– Vi har trua på at det blir mykje folk, at det set sit preg på byen og viser kva for by vi eigentleg er, seier Monika Eeg, dagleg leiar i Nordmøre Næringsråd.

– Noko alle kan klare

Monika Eeg

Monika Eg i Nordmøre Næringsråd.

Foto: NRK

Eg fortel at næringslivet mellom anna legg opp til overraskingar på Piren, i form av eit hemmeleg stunt.

– Vi håper at mange har lyst til å bli med på eit lite stunt tysdagskvelden, seier ho.

Ifølgje Eeg kan dei som vil vere med å øve det inn på førehand på Piren klokka 20.00 i forkant av TV-sendinga.

Dei som er litt ekstra nysgjerrige eller trur dei kan ha behov for meir øving, kan møte opp allereie i dag.

– Viss folk vil vere med på ei lita prøve i dag, kan dei møte opp på gamle Hydro-stasjonen på Kongens plass, på parkeringsplassen på oversida kl 19.30, seier Eeg.

Men kva dei skal gjere, vil du ikkje seie?

– Det vil eg ikkje seie, men det er noko alle kan klare, smiler ho lurt.

– Stryk flagga!

Båten skal etter planen leggje til kaia klokka 13.30 i morgon ettermiddag, og då har Petter Ingeberg, informasjonsleiar i Kristiansund kommune, ei klar oppfordring til alle:

– Stryk flagga, møt opp på sørsundbrua, ta imot båten når den kjem inn til Kristiansund, ønsk Sjøkurs skikkeleg velkommen hit!

Ingeberg legg til at han håper folk vil dra ut i fritidsbåtane og følgje båten innover mot byen.

– Vi satsar på at det vert mykje folk på kvelden som viser at vi er eit triveleg og gjestfritt folk, seier han.