Hopp til innhold

Sommartida laga krøll for restaurantar i natt

Fleire restaurantar i Ålesund og Bergen blei stengde av politiet natt til søndag for ulovleg skjenking. Innføring av sommartid, gjorde at alkoholserveringa var ulovleg.

Øl

Politiet stengde ein restaurant i Ålesund natt til søndag, for brot på skjenkereglane. I går var alkolserveringa lovleg på same tidspunkt.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.no

Politiet gjorde kort prosess natt til søndag, og stengde ein restaurant i Ålesund, tre kvarter etter at dei sjølve burde stengt kranen. I Bergen blei fleire serveringsstader også stengde, trass i klare protestar frå eigarane.

– Dette blei ein diskusjon i natt. Nokre hevda at dei hadde klarert dette med kommunen, og protesterte, seier operasjonsleiar Lars Geitle ved Hordaland politidistrikt.

Misser store inntekter

Djevat Hisenaj

Djevat Hisenaj i Fellesforbundet trur enkelte restaurantar spekulerer i den uvissa som oppstår rundt innføringa av sommartid.

Foto: Fellesforbundet

Restaurantane misser inntektene av ein times alkoholservering kvart år ved overgangen til sommartid. Innføring av sommartid gjer at skjenkinga må stoppast ein time før, den natta klokka blir flytta fram.

– Eg trur nok at nokre har spekulert i dette, seier Djevat Hisenai, som er leiar for Fellesforbundet, avdeling Hordaland Hotell og Restaurant.

Han trur ikkje på dei som hevdar dei har fått kommunen si velsigning til ein ekstra times skjenking. Og samstundes meiner han det er urettferdig at skjenkestadene ikkje får ta igjen den tapte timen om hausten, når klokka blir stilt andre vegen.

Vil likebehandle alle

I Ålesund stengde politiet ein restaurant klokka 3.45, altså tre kvarter etter at dei skulle ha stengt sjølve. Politiet vil ikkje vere med på at dei kunne vore meir romslege den eine natta.

Per Åge Ferstad

Operasjonsleiar Per Åge Ferstad seier det er viktig å behandle restaurantane likt.

Foto: Politiet

Dette har med likebehandling å gjere. Eg vil tru at politipatruljen i natt har sett at andre skjenkestader har overhalde regelverket, medan desse har peika seg ut ved å ikkje stengje, seier operasjonsleiar Per Åge Ferstad ved Sunnmøre politidistrikt.

– Trudde ikkje dei gjorde noko ulovleg

Skjenking, Ålesund kommune

Det er politikarane i Ålesund som har avgjort at restaurantane må stanse skjenkinga ein time før ved overgang til sommartid.

Foto: Synnøve Hole

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå eigaren av restauranten i Ålesund søndag morgon, men ifølgje Ferstad hadde personalet ei oppfatning av at dei ikkje gjorde noko ulovleg.

Dei trudde dei kunne skjenke alkohol då, men det er jo rimeleg klart at ein må forholde seg til klokka. Når ho er to, så er ho to, og er ho fire, så er ho fire.

Men her er jo problemet at når klokka er to, så er ho brått tre?

Ja, det er sant, men dei må uansett forholde seg til klokka.

Les også: