Hopp til innhold

Sokkelansvaret til Kristiansund

Ansvaret for oljesokkelen blir lagt til Kristiansund.

Inngangsparti, Nordmøre politidistrikt og Nordmøre Tingrett
Foto: Rune Petter Ness / Scanpix

Politiet i Kristiansund skal behalde politiansvaret for kontinentalsokkelen utanfor Midt-Noreg.

Dette er ein del av forliket om politireforma som vart lagt fram på ein pressekonferanse på Stortinget søndag.

Kvar politimeisteren skal plasserast i Møre og Romsdal er ikkje bestemt. Dette blir avgjort av politidirektoratet.

Kristiansund har ved fleire høve etterlyst statlege og offentlege arbeidsplassar. Og etter at byen tapte sjukehuskampen, har det vore viktig å få nye jobbar. Folk har frykta at også politiet sitt sokkelansvar skulle forsvinne.

Gruppeleiar i Kristiansund Frp, Åge Austheim, seier til NRK Møre og Romsdal at han er svært glad for at sokkelberedskapen blir lagt til nordmørsbyen.

Åge Austheim

Åge Austheim, Frp: – Det er gledeleg at argumenta har blitt lytta til.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Her er det spisskompetanse som er bygd opp over mange år lokalt. Dette har fungert svært godt, seier han.

Austheim meiner det er gjort eit godt tverrpolitisk arbeid i saka, og at det er gledeleg at argumenta har blitt lytta til.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL