Hopp til innhold

Ingvild køyrde rett i snøras

Eit snøras har gått over fylkesveg 41 i Skjåstaddalen i Ørsta. Ingvild Mork klarte ikkje stoppe og vart sitjande fast i raset.

Ras i Skjåstaddalen

Ingvild Mork køyrde rett inn i raset. Ingen personar vart skadd.

Foto: Ingvild Mork

Alle naudetatar rykte ut då meldinga om eit snøras på fylkesveg 41 på Skjåstaddalen i Ørsta kom. Ingen personar vart tekne av raset, men Ingvild Mork vart sitjande fast med bilen i snømassane.

Ho var på biltur i 9.30-tida i tett snøvêr. Då ho kom over Bueide gjekk det eit lite snøras rett framfor bilen hennar.

– Eg klarte ikkje å stoppe og køyrde rett inn i raset med fronten og vart sitjande bom fast ei god stund, før det kom folk og hjelpte meg, fortel Mork. Ein traktor fekk drege bilen hennar ut av snøen. Det stod også fleire bilar på andre sida av raset, ifylgje Mork.

Snøras i Skjåstaddalen

Ingvild Mork vart ståande bom fast i snøraset, men fekk hjelp frå brøytemannskap.

Foto: Ingvild Mork

Er du redd?

– Eg blir litt uroa for heimturen i dag. Eg skal returnere og har hundar som eg må heim til. Eg håper det er trygt, seier Mork. Då ho stod fast i snøskredet innrømmer ho at ho kika nervøst opp i lia for å sjå om det skulle kome eit større skred.

Vegen er no rydda og open att. Lenger nordaust på fylkesveg 41 er det framleis stengt mellom Leira og Viddal.

Det er stor snøskredfare i Møre og Romsdal torsdag, med faregrad fire på NVE sin skredskala. Det er det nest høgste farenivået.

Ingvild Mork i snøskred

Ingvild Mork er uroa for heimturen i dag og håper det er trygt å køyre.

Foto: privat/montasje
Skjåstaddalen