Hopp til innhold

Småflyulukke på Vigra

Eit småfly som landa på Vigra måndag ettermiddag skal ha fått knekt understellet under landinga.

Vigra

Arkivfoto: Eit småfly skal ha fått problem under landing måndag.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Det var smp.no som først omtalte saka.

Det var like før klokka 18.00 at eit småfly fekk problem under landing ved Vigra lufthamn i Ålesund.

– Flyet skal ha kome skeivt ut under landing og fått skader i samband med det, opplyser lufthamnsjef Tor Hånde til NRK.

Ingen blei skadd

Også politiet blei varsla om saka.

– Vi er informert om saka, og har varsla den inn til Luftfartstilsynet som vil etterforske saka, seier Tor-Andre Gram Franck, operasjonsleiar i politiet til NRK.

Han fortel at ingen skal ha blitt skadd i ulukka.

– Det er ikkje meld om personskade, seier Gram Franck.

Det bekreftar også lufthamnsjefen.

– Det var to personar i småflyet då ulukka skjedde, og begge desse skal tilsynelatande vere uskadd, seier Hånde.

Han fortel også at flyet no er fjerna frå rullebana og at flytrafikken ved Vigra går som normalt.

Saka blir oppdatert.