Hopp til innhold

Småbarnsmødre skuffa over Stokke etter giftfunn i handtak

Fleire småbarnsmødre vil levere tilbake barnevognene etter nyheita om giftfunn i handtaka på dei nye vognene sine.

gift i barnevogn

Småbarnsmoren Clara Strømmegjerde leverte tilbake barnevogna for å få skiftet ut håndtaket.

Seksbarnsmora Cathrine Grevstad Seland (38) frå Arendal vil ikkje lenger ha Stokke-vogna ho kjøpte før jul.

Cathrine Grevstad Seland med vogna si

Cathrine Grevstad Seland (38) seier ho elskar Stokke, men er svært skuffa over at det er funne gift i handtaka.

Foto: privat

Eg kjenner meg skikkeleg lurt. Eg er mest forbanna over å ha blitt halde for narr, seier ho.

Les også:

Ikkje informert kundane

NRK Møre og Romsdal fortalde måndag morgon at ein tysk test har avdekt giftstoffet SCCP i handtaket på barnevogna Stokke Trailz. Sunnmørsbedrifta har ikkje informert kundane sine om funnet, men har bedt dei 2000 kundane om å levere tilbake understellet, ved å vise til ein teknisk feil på handtaka.

Dottera mi har sove i vogna i mange timar, seier Grevstad Seland, som har fire barn under fire år, og som er uroleg etter nyheita om giftfunnet.

Fleire hevar no kjøpet

Therese Kristine Ommundsen

Therese Kristine Ommundsen seier ho har ringt Stokke og klaga.

Foto: privat

Fleire mødre fortel til NRK at dei no har tatt kontakt med Stokke og sagt dei ikkje vil ha vognene, som blei lanserte i fjor haust.

Eg blei mektig irritert då eg fekk vite om dette, og har sjølvt ringd dei og fortalt kva eg meiner, seier firebarnsmora Therese Kristine Ommundsen (36) frå Grimstad.

Ho kjøpte vogna i november, men leverer henne no tilbake etter dei nye opplysningane.

– Truleg relativt ufarleg for borna

Helle Knutsen

Seniorforskar Helle Knutsen ved Folkehelseinstituttet seier giftfunnet truleg er relativt ufarleg for foreldre og barn.

Foto: FHI

Fagfolka er usamde. Forbrukarrådet hevdar det kan vere skadeleg å bruke vognene. Seniorforskar Helle Knutsen hos Folkehelseinstituttet forstår at foreldre er uroa, men seier giftfunnet truleg er relativt ufarleg. Ho viser til at SCCP først og fremst er svært giftig for vannlevande, små dyr. Ho strekar under at stoffet er ulovleg å bruke i Noreg, men ikkje akutt giftig.

Eg trur ikkje det er grunn til å uroe seg hos dei som har brukt vognene eller for barn som kortvarig har slikka på handtaket, seier ho.

- Svekt tillit

Handtaket på Stokke-vogna Trailz

Det er skummet i desse handtaka som har giftt utslag i den tyske testen. På alle nye vogner blir det brukt ein anna type skum.

Foto: Synnøve Hole

Firebarnsmora Karin Kruse-Thorsen (29) frå Larvik har allereie levert tilbake vogna si.

- Tilliten til Stokke er svekt, ikkje minst fordi dei brukar giftstoff i utstyr til uskuldige barn, seier ho.

Stokke stadfestar at dei har fått reaksjonar etter saka i dag. Dei ønskjer i utgangspunktet å skifte berre handtaka, men seier dei er opne for å diskutere andre alternativ dersom kundane ikkje er fornøgde med det.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no