Hopp til innhold

Slo 80 år gammal rekord

Ein åtti år gammal rekord vart slått då Karsten Warholm hoppa 7,66 i lengde i Tyskland i går.

Karsten Warholm

Karsten Warholm frå Dimna slo den åtti år gamle fylkesrekorden til Otto Berg.

Foto: Arne Flatin / NRK

I august 1934 hoppa moldemannen Otto Berg 7,53 på Bislett i Oslo, og sette nordisk rekord. Dette har stått som fylkesrekord i Møre og Romsdal heilt fram til i dag. Eller rettare sagt i går, for under eit stemne i Mannheim i Tyskland hoppa multitalentet frå Dimna 7,66.

I friidretten er det mykje snakk om rekordar. Bob Beamons legendariske 8,90 stod i 23 år. Men få rekordar har vore så seigliva som fylkesrekorden i lengde.

Flaggbærar og rekordhaldar

Otto Berg frå Molde tok ni NM-gull og eitt EM-sølv i friidrett. Han var flaggbærar for det norske laget under OL i 1936. Den augustkvelden han hoppa 7,53 på Bislett ante han nok lite om at fylkesrekorden skulle stå i nesten 81 år.

Kjempehopp i Tyskland

Åra har gått, og ingen har greidd å utfordre lengderesultatet til moldemannen. Men søndag fekk Karsten Warholm til eit kjempehopp i Tyskland.

Til NRK fortel han at først trudde det var eit ugyldig hopp. Men då han såg at det raude flagget ikkje kom opp, skjønte han at han hadde gjort det store.

Karsten Warholm

Karsten Warholm, eit supertalent i mange øvingar. Her i aksjon under ungdoms-NM i Ulsteinhallen i mars.

Foto: Arne Flatin / NRK

Multitalent

Men denne rekorden blir vel ikkje ståande i 80 år? Du skal vel slå han sjølv?

– Ja, eg har stor tru på at eg kan få til endå betre hopp, seier multitalentet som har gjort det aller best i tikamp og på 400 meter.

– Det store målet er junior-EM i friidrett i Eskilstuna i Sverige i midten av juni. No skal eg trene på heimebane for å kome i best mogleg form til meisterskapen, seier den ferske fylkesrekordhaldaren.