Hopp til innhold

Slik sikrar familien seg cruise under streiken

Ann-Elisabeth Alnes Støhle og familien skal på cruise til Karibia. Dei er redde for at flyet frå Vigra vert innstilt på grunn av streik og har kjøpt nye billettar med SAS.

Familien Alnes Støhlen

Ivar Alnes Støhle, Henriette Alnes Støhle og Preben Alnes Støhle skal på cruise saman med foreldra.

Foto: privat

Ann-Elisabeth Alnes Støhle

Ann-Elisabeth Alnes Støhle tar med familien på cruise, men frykta at flyturen vert innstilt på grunn av streik.

Foto: privat

– Eg tar ikkje sjansen på å vente til at konflikten løyser seg og har difor bestilt nye billettar med SAS, seier Ann-Elisabeth Alnes Støhle.

Saman med heile familien skal ho først ei veke i USA. Deretter ventar ei veke med cruise i Karibia. Turen startar torsdag med flytur frå Vigra til Gardermoen for tre av familiemedlemane. No har Alnes Støhle dobbelt opp med flybillettar for å sikre seg at turen vert ein realitet.

Frå onsdag er det planlagt opptrapping av streiken i Norwegian, og 650 pilotar er omfatta.

– Det hadde ikkje vore kjekt å miste ein lenge planlagt ferie på grunn av streik. No blir turen litt dyrare enn planlagt, seier Alnes Støhle. Ho reknar ikkje med at ho får dekt dei nye billettane.

LES OGSÅ:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL