Hopp til innhold

Slik sikrar du deg mot båttjuveri

Sommaren er høgsesongen for at båtar og båtmotorar blir stolne. – Ein kan gjere nokon ting som gjer det vanskelegare for tjuvane, seier informasjonssjef i Gjensidige.

Etterlyser mann etter forsøk på båttyveri

KAMERA PÅ BÅTEN: Ein båteigar i Ålesund hadde montert eit kamera på båten sin, og fekk bilete av ein mann tikkande inn på mobilen sin. Det kunne politiet bruke.

Foto: Sunnmøre politidistrikt

Bjarne Rysstad

PROFFE: Informasjonssjef Bjarne Rysstad i Gjensidige seier båttjuvane er proffe, men at ein kan gjer ein del for å hindre tjuveri.

Foto: Gjensidige

Forsikringsbransjen betalte ut 478 millionar kroner etter skadar på fritidsbåt i 2014.

Saman med havariskadar står tjuveriskadar for storparten av dei årlege forsikringsutbetalingane, og talet på båttjuveri har ifølge Finans Norge ein auke på 17 prosent.

– Tjuvane er veldig profesjonelle, slik at ein kan uansett ikkje heilgardere seg mot tjuveri, seier informasjonssjef Bjarne Rysstad i Gjensidige.

1. Vakthald

Åtvaring - plakat frå politiet

PLAKAT: Politiet har lagt ut plakatar på nettsidene sine som kan printast ut og hengast opp i båthamner.

Foto: Politiet

I fjor blei det meldt 10.634 skadetilfelle på fritidsbåtforsikring, og av desse er 1667 tjuveriskadar.

Berre på Sunnmøre har det vore minst 24 båttjuveri sidan mai i år, og det har også vore nokre tjuveri i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Politiet åtvarar mot båttjuveri på sine nettsider, og eit råd dei gir er å ha båten på godt opplyste område.

– Ein del anlegg har vakthald som går på dugnad, der dei i fellesskap held vakt over båthamna, seier Rysstad.

2. Sikre med lås og slå

Båtmotorer på båter

MÅ SIKRAST: Dersom motoren og båten er sikra med hengelås og kjetting så er det ikkje så lett å stele.

Foto: Thomas Sommerset / NRK

Dersom båten står på hengar, så rår politiet om å ha båten plassert ein stad som ikkje er godt synleg, og gjerne slik at tjuven får «håplause arbeidsforhold».

Om båten ligg på sjøen har Rysstad i Gjensidige eit godt råd.

– Når det gjeld sjølve båten så er det viktig at ein festar den til brygga, at ein låser den med kjetting, seier han.

– Båtmotorar skal vera bolta, eller fastlåst. Det er eit forsikringskrav, seier han.

3. Sporingssystem

Stjålet ribbåt

STOLEN: Ein rib-båt som vart stolen i Sula dukka opp i Volda.

Foto: Sunnmøre politidistrikt

Nokre har sporingssystem på båten sit, og ifølge Rysstad kan det ha god effekt.

– Det kan verke avskrekkande då ein gjerne merkar båten med at ein har dette systemet, seier Rysstad.

– Det gjer det også lettare å finne båten dersom den blir stolen, seier han.

4. Kameraovervaking

Nokre brukar gjerne kamera i båthamna og i båten, slik som ein båteigar på Tørla i Ålesund gjorde. Han fekk eit bilete inn på mobilen sin, og det kunne politiet bruke.

– Han fekk tilsendt bilete av kjeltringen på mobilen sin, og dette la me ut på Twitter. Me har framleis ikkje fått treff på han, men slike kamera er også ein måte å sikre båten sin på, seier operasjonsleiar Amdam.

5. Ta inn bensinkanner og verdisaker

Politiet rår om å fjerne propell og motordeksel frå båten, og å ta inn bensinkanner kan også vera lurt. Då kan eit båttjuveri fort ende slik som i Dryna i Midsund i Romsdal då tjuvane gjekk tom for drivstoff.

Tjuvgods

TJUVEGODS: Ein båt som vart stolen i Sula vart funnen i Ulsteinvik, og i båten fann politiet ein sovande tjuv og tjuvegods av forskjellig slag.

Foto: Sunnmøre politidistrikt

– Det har vore eit problem at båtmotorar og verdiar blir vekke frå båten. Nokon enkle ting ein kan gjere, er å ikkje legge verdifulle gjenstandar synleg i båten, seier Rysstad.

– Det er viktig å låse båten, og er det ting ein ikkje må ha liggande i båten, så er det best å ta det med seg heim, seier han.