Hopp til innhold

Slik klargjer du bunaden din

Mai er den store månaden for å ta fram bunaden på både markeringar, konfirmasjonar og ikkje minst 17. mai. Men korleis steller du bunaden din på best måte?

Sigrid Ytterland

Dagleg leiar for Bunadsspesialisten i Ålesund, Sigrid Ytterland, gir deg råd om korleis du steller bunaden din.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Nokre brukar lang tid på å klargjere bunaden til mai, andre igjen tek han ikkje fram før dagen før han skal brukast. Då oppdagar ein gjerne at bunaden og bunadsskjorta ikkje er så fine som ein trur, og å stryke den krølla linskjorta er eit mareritt for mange.

– Då er det eit godt tips å dynke den med litt vatn, slik at ho blir fuktig, forklarer Sigrid Ytterland, som er dagleg leiar for Bunadsspesialisten i Ålesund.

– Når ein har fukta bunadskjorta kan ein putte henne i ein brødpose og legge posen i kjøleskapet. Då vert skjorta mykje lettare å stryke.

– Vask alltid bunadsskjorta

I bunadsbutikken får dei stadig spørsmål om korleis ein skal stelle både bunad, skjorte og bunadssølvet.

Bunadsskjorte

Bunadsskjortene bør vaskast for kvar gong ein brukar dei, seier Sigrid Ytterland.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK
Sunnmørsbunad

Bunadane er lage av ullstoff og ein anbefalar difor ikkje kjemisk reinsing.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

– Bunadsskjorta bør alltid vaskast etter bruk, enten der er flekkar eller ei. Dersom du hengjer opp skjorta utan å vaske henne, vert ho lett gul.

Dersom der er ein flekk på skjorta, eller ho har gulna, kan ein i nauda bruke flekkfjerning når ein vaskar henne, men klor er «fy fy», seier eksperten.

– Ein bør absolutt ikkje bruke klor på bunadsskjorter. Linfiberen er så sårbar at dersom ein brukar klor kan ein risikere at fiberen etsar vekk, rett og slett.

– Luft bunaden

Sjølve bunaden bør luftast før bruk og om ein oppdagar ein flekk på ullstoffet, skal ein ikkje vere redd for å bruke mykje vatn.

– Gni vekk flekken med ein rein klut og vatn. Bunadsstoff i seg sjølv toler godt vatnflekkar, seier Ytterland.

Då må ein hugse å få vatnet ut av bunaden igjen før ein hengjer han inn i bunadsposen. Om ikkje, vert det skjoldar og flekkar.

Eit tips frå Sigrid Ytterland er å bruke støvsugar eller hårfønar slik at bunaden vert heilt tørr igjen.

Reinsing

Nordmørsbunaden

Nordmørsbunaden er ein av fleire norske bunadar ein kan sjå på nasjonaldagen.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Sjølv om enkelte flekkar kan verke umoglege å få vekk frå bunaden, vil ikkje Ytterland anbefale å sende bunaden til reinsing.

– Ullstoffet har naturleg ein del feittstoff i fibrane sine og om ein brukar kjemisk reinsing på bunaden vil ein etter kvart tørke ut fibrane slik at bunaden vert tørr.

– Vi anbefalar berre å bruke vatn og lufte den godt for ulla reinsar seg sjølv, på ein måte.

Krympa bunad?

Uforklarlege problem som at bunaden har krympa dukkar nok opp hos mange dagen før bunaden skal brukast. Tipset til bunadseksperten er igjen å ta fram bunaden litt før, slik at ein rekk å tilpasse han og eventuelt legge han ut.

Dette er problem som Bunadsspesialisten opplever kvart år.

– Dagleg har vi spørsmål om å legge ut bunadar på butikken vår. Vi klarer dessverre ikkje å hjelpe nokon så seint. Då får ein berre håpe at ein kjenner nokon med ei symaskin og som kan dette.