Hopp til innhold

Slik kan du lage ditt eige kreative etternamn

Ein av desse familiane valde å følgje ein gammal namnetradisjon. Ein annan starta heilt på nytt for å finne eit unikt etternamn.

På Flø i Ulstein bur far Hugo Opdal, mor Ingunn Røyset, og borna Svale og Ørn Flø.

ETTERNAMN: Hugo Opdal og Ingunn Røyset på Flø har to born. Dei gjorde eit litt annleis val då dei bestemte seg for etternamna deira.

Foto: Gøril Grov Sørdal

På Flø i Ulstein bur far Hugo Opdal, mor Ingunn Røyset, og borna Svale og Ørn Flø. Dei har med andre ord tre ulike etternamn. Årsaka er at foreldra tok stadnamnet Flø til borna sine.

På Flø i Ulstein bur far Hugo Opdal, mor Ingunn Røyset, og borna Svale og Ørn Flø.

På Flø i Ulstein bur far Hugo Opdal, mor Ingunn Røyset, og borna Svale og Ørn Flø.

Foto: Gøril Grov Sørdal

– Då vi fekk Svale kunne vi velje eitt av våre etternamn, eller begge med bindestrek imellom, men syntest det blei litt tungt. Utan bindestrek ville det berre bli eit mellomnamn, så då blei namnet tatt frå staden der vi bur, fortel Røyset.

– Vi syntest også at Svale og Flø passa godt saman, dessutan er det mykje svale på Flø.

Ho viser også til at det er ein gammal namnetradisjon å ta etternamn etter staden ein bur. Og Svale er fornøgd med namnet sitt og har ikkje tenkt å endre det.

Eige unike namn

Familien Teigo i Nomino

Denne familien ville gjerne at heile familien skulle ha det same namnet.

Foto: Nomino / NRK

I kveld kan du sjå programmet «Nomino» som vil handle om etternamn.

Der er familien Teigo med. Dei ville gjerne at heile familien skulle ha det same namnet. Men kva kunne det vere? Dei hadde tre namn å velje mellom. Pettersen, Sveen og Østtveit. Men dei ville ikkje ha nokon av dei.

– Det er litt kjedeleg å ikkje heite det same som ungane, fortel mamma Torunn.

Dei sette seg difor ned med penn og papir. Dei skreiv ned alle forbokstavane i fornamna sine, og kom etter kvart fram til eit etternamn alle var nøgd med. Teigo.

Løyste eit dilemma

Line Grønstad

Line Grønstad ved Norsk Folkemuseum forskar på folks val av etternamn, og synest familien på Flø løyste sitt dilemma på ein fin måte.

Foto: Gøril Grov Sørdal

Line Grønstad ved Norsk Folkemuseum frå Sula seier det tidlegare var vanleg å ta namn etter garden eller staden ein budde. Ho forskar på folks val av etternamn.

Grønstad fortel at i 1923 kom ei namnelov som kravde at alle måtte ha eit fast etternamn.

– I dag er namnet meir personleg, medan det tidlegare også fungerte som ei form for adresse, ein måte å kjenne igjen folk på. Før kunne ein skilje Kari på Oppegarden frå Kari i Nedregarden, men når det bur fire Kari i same oppgang blir det verre.

Utdrag frå Nomino, del 6

I 1923 kom ei namnelov som kravde at alle måtte ha eit fast etternamn.

Likestilling

Difor kom det også eit krav frå det offentlege Noreg, som politi og ulike nemnder, at alle skulle ha faste etternamn.

– Ein slags ide om at kvinnene sitt namn var mindre viktige enn mennene sine, har eksistert lenge. Utover på 1800-talet blei det stadig meir vanleg at kvinna tok mannen sitt namn når dei gifta seg. Denne skikken blei lovfesta i 1923.

Grønstad fortel at først i 1979 blei lova endra slik at mann og kvinne blei behandla likt.

Trenden med at kvinnene beheld det namnet dei har hatt frå fødselen ser ut til å bli berre sterkare, ifølge forskaren. Men framleis ser det ut til at ei ganske stor overvekt av kvinnene tar mannen sitt etternamn.

– Det fine er at folk kan velje dette sjølv.

Utdrag frå Nomino, del 6

Her kan du sjå eit utdrag frå episoden som går i kveld.

Norsk underhaldningsserie. I nokre familiar har mor, far og born ulike etternamn. Men i mange familiar brukar dei kun fars etternamn. Kvifor er det slik? Og kva er den beste løysinga? (6:8)

Sjå programmet «Nomino» om etternamn her i kveld klokka 20.30.