Hopp til innhold

Skuffa etter Brattvåg-tap

Heile Brattvåg hadde håpt at cupeventyret skulle halde fram. Slik gjekk det ikkje. Fansen er skuffa etter tapet mot Kongsvinger i kveld, men stolte over at laget kom så langt som det gjorde.

Kongsvinger Brattvåg

Kongsvinger slo ut Brattvåg etter å ha hatt overtaket gjennom store deler av kampen.

Foto: Arne Trolldalen / NRK

Kongsvinger pressa gjennom store deler av kampen og skapte dei fleste sjansane. Laget fekk eit fortent mål i det 72. minutt, då Adam Güven sette inn 1-0. Det vart også ståande som sluttresultat.

Per Gidlund

Brattvåg-trenar Per Gidlund var ikkje nøgd med laget sin innsats i 1. omgang

Foto: Frode Berg / NRK

Brattvåg-trenar Per Gidlund var særleg misnøgd med første omgang av kampen.

– Me ser litt redde ut, og det er for få spelarar som vil ha ball. Me gir bort initiativet for enkelt til Kongsberg, seier Gidlund.

De blei ingen Askeladd i kvartfinalen. Korleis er det å dra heim att med tap?

– Det er klart me er skuffa. Me går ut på banen for å vinne kvar kamp. Men det er slik fotball er, og me må sjå framover.

Fullsett sal følgde kampen

Ådne Hellandsvik

Brattvåg-spelaren Ådne Hellandsvik er ute med skade og måtte følgje kampen frå Brattvåg

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Heime i Brattvåg følgde ein fullsett kinosal på Ingebrigt Davik-huset kampen. Den skadde Brattvåg-spelaren Ådne Hellandsvik var ein av dei som heldt fortet heime.

– Sjølv om me har kome langt, og vore med på mykje, er det alltid surt med tap. Men samstundes har prestasjonen vår vore enorm. Ingen hadde venta at me skulle kome til fjerde runde, og det at me slo Ålesund og Hødd, det var stort, seier Hellandsvik.

– Har skrive fotballhistorie

Svein Alvestad

Brattvåg-tilhengaren Svein Alvestad er stolt over kva laget hans har fått til i cupen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Svein Alvestad hadde møtt opp i ID-huset for å støtte laget sitt. Og sjølv om det ikkje gjekk akkurat slik han hadde ønskt, nekta han å ta det så tungt.

– Brattvåg har skrive fotballhistorie. Og sjølv om me er litt skuffa etter spelet dei viste i kveld, så kan me ikkje vere skuffa i det store og det heile. Eg er i alle fall veldig fornøgd, seier Alvestad.

No er fokuset framover på laget sine seriekampar i 2. divisjon.

– Me hadde håpt at David kunne slå Goliat i kveld, men slik vart det ikkje.

Brattvågkamp på kino

Ein fullsett kinosal i ID-huset følgde kampen direkte i Brattvåg.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL