Hopp til innhold

– Vi høyrde nokon rope at huset brann

Masoumeh Abbasi og familien er skremt etter at nokon sette fyr på bustaden deira i Ulsteinvik for andre gang natt til søndag. Totalt 12 personar, åtte barn og fire vaksne, vart evakuert frå tomannsbustaden i natt.

Bustadbrann Ulsteinvik 251015

Natt til søndag byrja det å brenne i ein bustad i Ulsteinvik. Ein av familiane som budde i bustadhuset er skremde etter brannen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Det var natt til søndag at familien på fem i Ulsteinvik vakna av at nokon banka hardt på døra.

– Vi høyrde nokon rope at huset brann, og eg og ektemannen min hoppa raskt ut av senga. Eg ropte til barna at dei måtte vakne og kome seg ut av huset med ein gong, fortel Masoumeh Abbasi.

Alle kom seg trygt ut av huset, og ingen av dei to familiane som budde i tomannsbustaden vart fysisk skadd i brannen. Totalt 12 personar, åtte barn og fire vaksne, vart evakuert frå bustaden i natt.

– Barna stod der i pysj og utan sko. Det var veldig kaldt, men heldigvis vart ingen skadd, fortel Abbasi.

Er skremt av hendinga

Saman med ektemannen har ho og dei tre barna på 6,11 og 13 år, budd i Ulsteinvik sidan 2009. I 2013 fekk dei opphald i Noreg, og i 2014 flytta dei til tomannsbustaden ved Høddvoll i Ulsteinvik.

Brann ulsteinvik 251015

Brannvesenet var søndag på brannstaden for å gjere undersøkingar.

Foto: Arne Flatin / NRK

Også for tre veker sidan sette nokon fyr på trappa utanfor den andre delen av tomannsbustaden. Sjølv om denne hendinga ikkje skal ha samanheng med helgas brann, har opplevinga likevel sett ein støkk i familien.

Til no har dei følt seg trygg i den vesle bygda på Sunnmøre, men etter hendingane i natt er dei skremde.

– Sjølv om vi er i tryggleik no så er vi redde. Det at nokon har sett fyr på bustaden vår er veldig skremmande, seier Abbasi.

Saka blir etterforska av politiet, men dei har så langt ingen mistenkte.

Takksam for all hjelp

Ho og resten av familien er no innlosjert på hotell i Ulsteinvik, medan kommunen jobbar med å ordne med ein mellombels bustad for dei evakuerte. Bustaden vart totalskadd i brannen.

brann Ulsteinvik

Brannteknikarar jobba søndag på staden.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Vi har mista nesten alt vi eigde i brannen. Vi har ikkje sjølv fått sjå huset, men politiet fortel at det som er igjen av bustaden har fått store vatn- og røykskadar, seier Abbasi.

Ho er takksam for hjelpa ho og familien har fått.

– Vener har kome med sko og kle til oss og barna. Det sett vi utruleg stor pris på, seier Abbasi.

No håpar ho og resten av familien at dei får bli i Ulsteinvik.

– Vi trivst svært godt her, det er her barna går på skulen og det er her dei har venane sine, så vi håpar dei får bli, seier Abbasi.

– Godt integrerte

Begge familiane har budd i kommunen i fleire år, og ordførar i Ulsteinvik, Knut Erik Engh, karakteriserer familiane som godt integrerte.

Også idrettslaget Hødd, som fleire av barna som budde i tomannsbustaden er aktive i, har engasjert seg for å hjelpe dei to familiane.

Hødd
Foto: Skjermdump