Hopp til innhold

Snøskredvarslaren oppfordrar folk til å vere varsame

To personar blei tatt av eit snøskred i Ørsta på Sunnmøre i dag. Ingen blei skadd, men med stor snøskredfare seier snøskredvarslar Halvor Hagen at folk i påskefjellet må vere årvakne.

Det er viktig å passe seg i fjellet no for det er betydleg skredfare etter at det har komt snø kombinert med vind i store deler av fylket. Snøskredvarsler Halvor Hagen i Romsdal ber dei som går i fjellet merke seg både skred og skavlar som kan byggje seg opp .

Snøskredvarslar Halvor Hagen er tydeleg på at folk må vere forsiktige i påskefjellet.

– Det går an å seie at det er gode forhold for å kome seg ut til fjells i påska, men ein må vere varsam, oppfordrar Hagen til NRK.

Halvor Hagen

Friluftsmann og skredvarslar Halvor Hagen er vant til vill natur i Romsdalen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Han er òg kjend som fjellmann og tindeleiar i Romsdal, og for dei som vil til topps i påskefjellet har han klare råd. Skavlar av snø vil gjere det vanskeleg å sjå kor det er fast fjell og kor det er snø som kan rase ut, fortel han.

– Det kan vere kjempevanskeleg å halde seg til, spesielt i bratte vestlandsfjell med spisse toppar og mykje skavlar. Så det er ei stor utfordring for dei som ferdast på toppane, seier Hagen.

Det er betydeleg skredfare etter at det har kome større mengder nysnø det siste døgnet. Kombinert med kraftig vind aukar faren. Tysdag var Trollheimen, Romsdal og Sunnmøre ført opp med skredfaregrad 3 på Varsom.no.

Henta ut av skred

I Ørsta på Sunnmøre blei to personar tatt av eit snøskred tysdag ettermiddag.

– Det var eit større følgje på 20 personar, to av dei blei tatt av snøskredet, men blei raskt berga ut av andre, fortel operasjonsleiar Arild Reite i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK.

Ifølgje Reite var skredet, like under toppen av fjellet Kolåstinden i Ørsta, rundt 100 meter breitt.

Oppfordrar til aktiv bruk

Spesielt i bratt terreng, som det tidvis er rundt Kolåstinden, kan det vere stor skredfare, ifølgje Hagen.

Røde Kors har òg henda fulle, og har ekstra hjelpekorps ute kvart år i påska.

Røde Kors oppfordrar folk til å nyte påskefjellet, men seier folk bør nytte seg aktivt av varslingstenesta Varsom.no.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL