Hopp til innhold

Skredfare gir reklameeffekt

Det er utan tvil den mest omtalte "mannen" i landet denne veka. No meiner næringslivet i Rauma meiner all ventinga på Mannen gir dei etterlengta god reklame.

Mannen i Rauma

Skredet frå fjellpartiet ved Mannen lar vente på seg. Det kan ha positive biverknader.

Foto: Remi Sagen / NRK

Den siste veka har folk landet rundt venta på det varsla skredet frå fjellet Mannen. Mediefolk frå inn og utland har flokka seg ved foten av fjellet og skodelystne har køyrt i timevis for å få eit glimt, vel vitande om at skredet som er venta kan bli både skremmande og spektakulært.

No meiner reiselivsnæringa at dette kan ha positive biverknader.

Fleire tar kontakt

Hilde Gråberg Bakke

Hilde Gråberg Bakke er reiselivssjef i Rauma.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kvar sommar passerer 1,4 millionar menneske på Europavegen forbi Mannen. Etter all merksame den siste veka trur resislivssjef Hilde Gråberg Bakke det kan bli enda fleire neste år.

– Det er klart det gir oss ei fantastisk marknadsføring. Vi har opplevd ein stor auke i talet på folk som tar kontakt med kontoret vårt i Åndalsnes. Svært mange ønskjer å høyre historia om Mannen og vite meir om korleis det går med han, seier ho til NRK.

Brukar Mannen i marknadsføring

Sjå Mannen før han dett-brosjyre

Mannen figurerer i brosjyrane til reiselivsnæringa.

Foto: Remi Sagen / NRK

Reiselivet og næringslivet har stor medkjensle med dei evakuerte som kan miste heimane sine. Men den falleferdige Mannen er allereie blitt tatt i bruk i marknadsføringa av naturkommunen Rauma. I sommar sette kommunen opp Mannen som eitt av reisemåla i kommunen i sin katalog over turistattraksjonar. Det blei sommarens store hit, seier Gråberg Bakke.

– Vi oppmoda gjestar som besøker Romsdalen om å ta ein tur inn og sjå Mannen før han dett. Og det er svært mange som har ønska å gå turen inn for å gå fram på kanten og sjå ned i Romsdalen.

– Blir det ein tilsvarande tur når han har falle?

– Sjølvsagt, då må vi ha ein tur inn for å sjå der Mannen stod og der han falt, seier ho.

Positivt for handelsstanden

Esben Flaa

Esben Flaa driv sal og utleige av bubilar på Åndalsnes.

Foto: Remi Sagen / NRK

Også handelsstanden opplever vekst på grunn av merksemda om det skredutsette fjellet. Espen Flaa driv bubilforetning og har merka godt at pågangen har auka.

Vi har leig ut ein haug bilar til media den siste veka, så det er klart at det er positive ringverknader for oss, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL