Hopp til innhold

Difor har ikkje geologane sett i gang sprenging

RAUMA (NRK): Skredfaren i Romsdalen har aldri vore større enn no. Geologane trur at skredet kan komme allereie i kveld - viss ikkje kan det bli aktuelt å vurdere sprenging.

PK Ruama

Lensmann Andreas Hustad, ordførar Lars Olav Hustad og geolog Lars Harald Blikra ved pressekonferansen kl. 12 tysdag.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Lars Harald Blikra pk Rauma

Geolog Lars Harald Blikra tolkar bevegelsane i Mannen slik at skredet kan kome allereie mellom åtte og ni i kveld.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Berre sidan i dag tidleg har bevegelsane i Mannen blitt enda større. Geologane trur at ein kan høyre fjellmassene buldre nedover dalen allereie tysdag kveld.

– Viss denne trenden fortsetter kan vi vente eit skred i kveld, seier geolog Lars Harald Blikra, og legg til at fjellet er framleis i ein akslereringsfase.

– Er det rimeleg å tru at skredet kan gå mellom åtte og ni i kveld?

– Ifølgje den trenden vi ser i bevegelsane kan vi tolke det slik, ja, seier Blikra.

  • Sjå intervjua med politiet, ordføraren og geologen lenger ned i artikkelen.
Politimester Arnstein Nilssen og innsatsleiar Vebjørn Bale

Politiet er tilstades ved foten av Mannen. Her Politimester Arnstein Nilssen og innsatsleiar Vebjørn Bale.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Geologen fortel at det er ei auke i bevegelsar i heile det utsette området, men den øvste delen er mest ustabil. Krafta i skredet vil likevel ligge i den nederste delen av fjellpartiet.

Vil ikkje sprenge - enno

Geologen fortel at det å bruke sprengstoff for å setje i gang skredet ikkje nødvendigvis er det sikraste.

Politi og Mesta ved vegsperringar Mannen

Politi har i samarbeid med vegvesenet sett klart sperringar for å vere budd når skredet går.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

– Vi må vere heilt sikre på kva slags effekt sprenginga har på fjellet før vi kan vurdere det, seier Blikra.

Ifølgje lensmann i Rauma, Andreas Hustad, kan det kanskje bli aktuelt viss skredet ikkje kjem i kveld.

Ikkje registert fleire steinsprang

Trass i auka av bevegelsar i fjellet har ikkje geologane registeret fleire steinsprang i dag.

Alle er evakuerte, både dyr og menneske. Og politiet er klare til å stenge europavegen som går forbi Mannen så snart skredet kjem. Denne vegen er

Andreas Hustad, lensmann i Rauma

Lensmann i Rauma seier at dei er klare for at skredet kjem - og kjem til å stenge vegen med det samme dei får beskjed om at det er i gang.

Foto: Lena Høyberg / NRK

hovudferdsåra mellom austlandet og Møre og Romsdal.

– Vegen blir stengt når raset går av folk som er på staden, ikkje på førehand, fortel lensmann i kommunen, Andreas Hustad.

I natt har Sivilforsvaret, som har lyttepost ved fjellet Mannen, høyrt steinsprang, som er eit av teikna på at steinskredet nærmar seg.

Det har ikkje kome så mykje nedbør som venta natt til tysdag, men regnet som har kome har hatt stor effekt på Mannen. Begevelsane har aldri vore større.

Tore Ellingseter rapporterer fra Mannen
Skredfaren i Romsdalen har aldri vore større enn no. Geologane trur at skredet kan komme allereie i kveld - viss ikkje vil dei vurdere sprenging.
Mannen i Rauma

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL