Hopp til innhold

Skoddeproblem i Rauma

Rauma Røde Kors hjelper no Romsdal Alpine redningsgruppe med å følge dei to som hadde problem med å finne vegen i skodde på Romsdalseggen til Åndalsnes. Nordmøre og Romsdal politidistrikt melder på Twitter at det framleis vil gå ei tid før dei to er nede.