Hopp til innhold

Skisentera håpar på meir snø

Snøfallet som kom i romjula har tent håpet blant skientusiastane i Møre og Romsdal. Likevel er det framleis mange av skisentera som treng meir snø for å kunne opne. Men det finst håp.

Strandafjellet skisenter

Strandafjellet skisenter fekk nok snø til å kunne opne 2. juledag. Då var det mange i bakken.

Foto: Stian Græsdal

Eit av dei få skisentera i Møre og Romsdal som har fått nok snø denne jula er Strandafjellet skisenter. Allereie 2. juledag kunne dei opne trekka for skiglade besøkande.

Driftsleder Stian Græsdal ved Stranda skisenter

Stian Græsdal er gald for snøfallet som kom 1. juledag.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Vi fekk om lag 30 cm nysnø, og har i tillegg produsert mykje snø. Det gjorde det mogleg å opne to av bakkane, seier Stian Græsdal, dagleg leiar ved senteret.

Produserer for harde livet

No håpar dei å kunne produsere enno meir snø.

Strandafjellet skisenter

Ved Strandafjellet skisenter jobbar snøkanonane for fullt.

Foto: Stian Græsdal

– Akkurat no har vi ikkje nok snø på toppen, men dersom vi får ei kald natt til, så skal vi kunne produsere meir snø og forhåpentlegvis kunne opne fleire bakkar, seier Græsdal.

Han fortel at besøkstala har vore gode så langt.

– Ja, vi har hatt fine forhold og det har vore mykje folk i bakken, så det ser ut som folk er glad for moglegheita til å stå på ski, seier Græsdal.

Også Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter (Sykkylven) kan opne skitrekket denne jula.

– Tysdag 29.12 kl. 10 opnar vi barne- og familietrekket. Vi held opent til kl. 16, skriv senteret på Facebook.

Treng meir snø

På Bondalseidet skisenter i Ørsta var snøen som kom 1. og 2. juledag ikkje nok til å kunne opne bakkane.

– Vi fekk om lag 20–25 cm med nysnø natt til 2. juledag, og vi har produsert litt snø med hjelp av snøkanonar, men det er likevel for milde temperaturar til at vi kan produsere meir, seier Rune Moltudal, driftsleiar ved senteret.

No håpar dei på meir snø for å kunne opne senteret.

– Meir snø eller lågare temperaturar er det vi treng no. Vi manglar i alle fall 15 cm før vi kan byrje å trakke løypene, seier Moltudal.

I mellomtida er det mogleg å nytte seg av langrennsløypene ved senteret, men heller ikkje desse er preparerte.

Ved Skaret Skisenter i Molde kan skientusiastar glede seg over snøkledde bakkar no i romjula. Men også dei håpar på meir snø.

– Snøkanonane produserer snø for harde livet, og det har vore fleire folk i langrennsløypene i dag. Men det er framleis litt tynt med snø, så eg vil anbefale skigåarane om å bruke ski dei ikkje er så redde for, seier Geir Rødal ved Skarstua.

Dette er status 2. juledag:

Situasjonen er den same ved ein rekke andre skisenter i fylket.

På Ørskogfjell skisenter har dei sett i gong snøproduksjonen, men det er så langt uklart om det vil bli opning i løpet av jula, fortel driftsleiar ved senteret Kjetil Gjul. Rauma skisenter melde at dei treng kuldegrader og nedbør i den nærmaste framtida for å kunne opne.

Ved Volda skisenter har det kome snø, men det er enno ikkje nok til å kunne preparere bakkane. Det same gjeld for Arena Overøye Stordal Alpinsenter og Tusten Skiheiser i Molde.

– Snøproduksjonen går for fullt i barnebakken. Dessverre så ser det ut til at vi må stoppe i morgon pga. mildare vêr. Vi håper på ein litt lengre kuldeperiode så vi får produsert nok til opne, skriv sistnemnde på sine nettsider.

Snøanlegget ved Surnadal Alpinsenter er heller ikkje i gang trass i minusgrader.

– Dette skuldast melding om periode med mildvêr frå tysdag. Altså, så fort det meldast ein meir stabil kuldeperiode, vil snøkanonane bli sett i gang, skriv senteret på sine Facebooksider.

Sunndal Alpinsenter og Frei alpinsenter har heller ikkje nok snø til å kunne opne no.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL