Hopp til innhold

Verdas lengste sensor overvakar dette fjellet

150 meter ned i det rasfarlege fjellet Åkneset går den lengste sensoren som har blitt laga. Databrikka inni skal varsle før skredet går og lagar ein enorm tsunami.

Verdas lengste sensor går 150 meter ned i oppsprukke og knust fjell i Åkneset

Verdas lengste sensor overvakar det rasutsette fjellet.

Åkneset inne i sprekk

Sprekkene i fjellet vert større for kvart år.

Foto: Åknes/Tafjord-prosjektet

Åknesremna i Stranda på Sunnmøre er eit av verdas mest overvaka fjellparti. Geologar er sikre på at fjellet ein gong vil rase ut i fjorden, men ikkje når det vil skje. Og det er avansert og banebrytande instrument som vert brukt for å halde auge med fjellsprekkene. No er ein i gong med å installere verdas lengste sensor 150 meter under overflata. Denne skal kontrollere rørsler og temperatur.

– Den største spaninga er om vi klarer å transportere utstyret opp i fjellet. Det er alltid ein risiko for at det kan gå gale, seier Kjell Jogerud, som er dagleg leiar ved Åknes/Tafjord beredskap.

Utstyret som kostar 2,5 millionar kroner vert frakta opp i fjellet med helikopter og det bør helst skje utan skader.

LES OGSÅ:

Video SLIK ER SKREDFAREN PÅ ÅKNESET

Her vert skredfaren på Åkneset simulert.

Tsunami

Dei siste 10 åra har det ustabile fjellpartiet blitt overvaka døgnet rundt for å kunne gi ei tidleg varsling om at fjellsida er i ferd med å rase ut. Dersom fjellpartiet rasar ut i fjorden, vil dette føre til ei stor flodbølgje som vil råke bygdene rundt.

Mellom 5000 og 7000 personar bur i det berørte området og kan kome til å bli evakuerte dersom ekspertane meiner at skredet nærmar seg. Tsunamien er rekna til å kunne bli opptil 85 meter i Hellesylt.

Viktige data

Heile fjellsida vitnar om den massive overvakinga, med instrument, antenner og installasjonar som lyser opp i naturen. Røyret skal erstatte eit 120 meter langt rør som i sju år har forsynt forskarane med viktig data.

Dei nye røra er laga av spesialstål som toler stort press frå fjellmassene utan å øydelegge databrikkene som ligg inni. Produsentane har lang erfaring, men aldri har røra gått så djupt som 150 meter inni fjellet.

– Dette er det lengste geotekniske instrumentet som nokon gong er laga, seier Mario Lovisolo.

Video Åknestsunami

Når fjellpartiet rasar ut kan det bli den største naturkatastrofa i landet.

Farleg under jorda

På overflata har landskapet endra seg med stadig nye sprekker og dei gamle vert større. Likevel er det langt ned i djupet at den største faren er.

– 62 meter under overflata ligg det eit halvmeter tjukt lag med knust stein og leire. Store deler av fjellpartiet glir på dette laget og det er svakheita, seier sjefsgeolog Lars-Harald Blikra.

Åkneset

Kommunane rundt vil bli råka av den enorme flodbølga som er venta når fjellet rasar ut.