Hopp til innhold

Skal ha mishandla forsvarslaus mann med bildør

Ein 33-åring frå Nordmøre er tiltalt for å ha skada ein forsvarslaus mann og truga han på livet.

Nordmøre politikammer

NORDMØRE: Mannen skal ha mishandla og truga den andre mannen på Nordmøre.

Foto: Ness, Rune Petter / NTB scanpix

Nordmøringen skal ha slått ei bildør over handa hans fleire gongar, og truga med å slå han i hel eller skyte han med revolver.

Ifølge tiltalen var valden uprovosert og liknar mishandling. Mannen fekk store smerter og blåmerker på handa etter å ha blitt klemd i bildøra.

For drapstruslane risikerer nordmøringen fengsel i over seks månader. Saka skal opp for Nordmøre tingrett i slutten av september.