Vurderer om det er trygt å opne Raumabanen

I dag samlast beredskapsgruppa i Rauma for å diskutere situasjonen rundt fjellet Mannen i Romsdal. Blant anna skal det vurderast om det er trygt nok for toga å køyre gjennom Romsdalen att.

Lars olav hustad mannen rauma blikra

I dag kjem politiet til å diskutere med kommunen og geologane om det er trygt å la togtrafikken starte igjen.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK
Dei siste dagane har hastigheita i det ustabile fjellpartiet ved Mannen vore jamne. Bevegelsane er betydeleg mindre enn dei var for snart to veker sidan då geologane trudde at skredet berre var timar unna.
Både geologar, politi, folk frå Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Jernbaneverket skal vere til stades under møtet måndag.

Ordførar og leiar for beredskapen i Rauma, Lars Olav Hustad, seier mykje bør avklarast i dag.

– Vi skal gjennomgå situasjonen frå A til Å. Det er fleire ting vi må avklare i dag. Togtrafikken spesielt. Det er viktig for oss å få i gang toga igjen, men det kan ikkje gå utover tryggleiken, meiner ordføraren, og legg til at det er politiet som tar den endelege avgjerda.

Dei 11 som bur i området er framleis evakuerte og toget går ikkje forbi det rasfarlege området.

Vassbombing

Geologane har no fått god tid til å vurdere bevegelsane i Mannen. Funna deira blir presentert måndag.

– Dei kjem til å kome med sine anbefalingar til andre myndigheiter, seier Hustad.

– Er vassbombing av Mannen framleis eit alternativ?

– NVE må ta stilling til rapporten som blir lagt fram i dag.

Ordføraren fortel at det har vore svært låge temperaturar i området dei siste dagane gjer at bevegelsane i Mannen spaknar.

Mannen 3. november

Siste video/lyd

Verdas beste fotballspelar kjem frå Sunndal.
Det er det ingen tvil om på Sunndalsøra etter at Ada Hegerberg vart meisterligavinnar med Lyon i går...
Det er fire år sidan Rosenborg slo Molde sist. 
Ole Gunnar Solskjær og laget hans er innstilt på å oppretthalde den gode statistikken. 
For dei blå-kvite handlar det om å henge med i gullkampen...
Talet på ørner har auka kraftig langs kysten dei siste åra. 
Dermed er også nyfødde lam meir truga, for lam er god ørnemat.
Men det finst ei løysing på problemet...