Spørsmålet komiteen skal ta stilling til, er om statsråden har handla i strid med lovverket ved å gi instruksar om valet av sjukehustomt undervegs i prosessen. Leiar i komiteen, Martin Kolberg, seier dette ikkje er heilt enkelt.
– Det er ei litt krevjande vurdering, men den må gjerast, seier Kolberg.
Før jul fekk statsråden difor ei rekkje spørsmål frå komiteen om si rolle. Det er svaret han har gitt på desse som skal behandlast i dag.
- Les også:
– Det aller viktigaste er om Høie har halde balansen mellom å ha ei meining om saka og det å instruere. Han seier jo sjølv at han ikkje har instruert, men han seier også at han ved minst eitt høve har delt synet sitt med styreleiaren i Helse Midt-Norge.
Krev opa høyring
I desember blei det klart at både styret i Helse Møre og Romsdal og styret i Helse Midt-Norge gjekk inn for at det nye fellessjukehuset skal ligge på Hjelset i Molde og ikkje på Storbakken i Kristiansund.
I forkant av vedtaka var det stor uro rundt prosessen, ikkje minst i samband med at direktøren i Helse Møre og Romsdal trekte seg, fordi ho meinte ho var blitt pressa av leiing i Helse Midt-Norge.
- Les også:
Opplysningar om epostutvekslingar og lukka møter har også gjort at mange har stilt spørsmål ved prosessen og difor kravd at saka blir lagt fram for Stortinget i ei opa høyring.
- Les også:
Kravet har kome frå fleire hald, og mellom anna frå ti kommunar på Nordmøre. Kolberg vedgår at det gjer inntrykk.
– Det er tung registrert at så mange kommunar ber om dette, og det er jo noko vi legg vekt på. Men vi legg samstundes avgjerande vekt på vår eiga vurdering av dei svara som statsråden har gitt. Det er først og fremst det som kjem til å spele ei rolle for om vi skal gå vidare med saka eller ikkje, seier han.
Tar ikkje stilling til tomteval
Kolberg presiserer at komiteen ikkje skal ta stilling til sjølve tomtevalet. Komiteen har heller inga meining om saka.
– Det komiteen skal avgjere i dag, er om vi treng å stille helseminister Bent Høie fleire spørsmål.
Dersom svaret på det blir ja, kan det bety ei opa høyring. I så fall må Bent Høie rekne med å svare meir inngåande på kva som har skjedd i prosessen rundt valet av tomt for det nye fellessjukehuset.
Krav om større gransking
Medan kommunane på Nordmøre har bede om opa høyring om Høie si rolle, skriv Romsdal regionråd i dag at dette i så fall må innebere at også tidlegare statsrådar blir granska.
I eit brev til Kontroll- og konstitusjonskomiteen skriv dei at alle statsrådar har vore underlagt dei same reglane etter at sjukehusa blei overtatt av staten i 2002. Dersom komiteen ønskjer å opne sak rundt Høie si eigarstyring meiner dei difor at komiteen også bør vurdere korleis tidlegare statsrådar har forstått og praktisert lovverket.