Politiet melde litt etter klokka ti måndag at ein fritidsfiskar hadde funne ein tom aluminiumsbåt utanfor Råneset på Averøy i sjutida. Båten var ein Fishing 440.
Hovudredningssentralen (HRS) sende helikopter, og i tillegg var både Kystvakta og to redningsskøyter med i søket.
Jørgen Nygård, skipper på redningsskøyta «Erik Bye», sa måndag at dei framleis søkjer etter mannen i Kvernesfjorden.
– I tillegg til dei profesjonelle aktørane som søkjer etter den sakna mannen så er det fleire sivile båtar som hjelper til, seier Nygård.
Søkjer på land
Måndag var det søk både frå lufta, sjøen og på land. Operasjonsleiar Sigvart Sivertsen ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt bekrefta at dei ikkje får kontakt med båteigaren.
– Vi veit ikkje når mannen kan ha reist ut med båten, opplyste operasjonsleiaren.
HRS koordinerte søket i lufta og på sjøen, medan politiet har engasjert Røde Kors for å søkje på land.