Hopp til innhold

Sjakkfeber på Volsdalen skule

Etter å ha slått ut den eine motstandaren etter den andre, var Dina (7) endeleg klar for den store sjakkfinalen ved Volsdalen skule tysdag.

No skal du fått møte ei sju år gammal jente som har hatt ein heilt spesiell dag. 
Etter å ha slått ut den eine motstandaren etter den andre, var det i dag klart for den store finalen...

FINALE: Til slutt var det berre to spelarar igjen. Sjå kven av dei to spelarane som gjekk av med sigeren her.

Dina Ahlström Sundnes

7-åringen imponerer mange med ferdigheitene sine.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Sju år gamle Dina Ahlström Sundnes var i djup konsentrasjon før dagens sjakkfinale Volsdalen skule i Ålesund. Ho vil så gjerne vinne, men fryktar at motstandaren skal få overtaket.

– Det verste som kan skje er at publikum bråkar og forstyrrar meg, seier den spente sjuåringen før finalen er i gang.

Spennande finale

På ei fin rekke går klassekameratane inn i mørket og frukostsalen der sjakkfinalen vert arrangert. Dei er klare for å heie fram dei to finalistane, men veit enno ikkje korleis det vil gå.

Sjakk Volsdalen skule

Klassekameratane heia på Dina i finalen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Eg håper at Dina vinn, men Eirik er også flink, seier Jonas Knutsen Breen, i 2B ved Volsdalen skule.

Han får støtte av klassekamerat Ruth Rafteseth Grimstad.

– Eg heiar på Dina fordi ho er venninna mi, men også fordi ho er veldig god i sjakk, seier ho.

– Ho har vunne over mange fjerdeklassingar og kjempe hardt, så eg trur ho har ein god sjanse til å vinne, seier Jonas.

Måtte sjå seg slått

Men i finalen møter ikkje Dina kven som helst. Motstandaren er heile to år elde og ein driven konkurrent. Så startar det heile. Finalen er i gang, og no kan alt skje.

Spenninga stig, men allereie etter 30 blir vinnaren kåra. Det heldt dessverre ikkje heilt til mål for Dina denne gongen, og ho måtte sjå seg slått av den to år eldre fjerdeklassingen.

Sjakk Volsdalen skule

Til slutt måtte Dina sjå seg slått av fjerdeklassingen Eirik.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Eg hadde lært meg noko som kunne setje motstandaren i sjakk på fire trekk, så då gjorde eg det, seier vinnaren Eirik Elvebakken Haddal.

Dina var likevel ikkje skuffa etter tapet.

– Eg kom meg i det minste veldig langt og eg kjem ikkje til å gi opp, seier ho bestemt.

Sjølv om sigeren gjekk tapt, får sjåringen med seg mange gode ord frå fleire kantar.

– Det er skikkeleg mange som har skrytt av ho, og som meiner at ho har roa og evna til å sjå mange trekk framover, seier Hanne Mulelid Kvam, kontaktlærar for klassa til Dina.

– Førebileta mine er blant anna Magnus Carlsen, han er veldig flink. Men det er Dina også, seier Eirik.

Sjå heile saka her:

No skal du fått møte ei sju år gammal jente som har hatt ein heilt spesiell dag. 
Etter å ha slått ut den eine motstandaren etter den andre, var det i dag klart for den store finalen