Hopp til innhold

Foreslår å lage åtte storkommunar i fylket

Sjekk kva storkommune du kjem til å tilhøyre.

Ålesund

Ålesundregionen vert den største kommunen i Møre og Romsdal med 80.000 innbyggjarar.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

I dag er det 36 kommunar i Møre og Romdal, men denne kommuneinndelinga er gamaldags og utdatert, meiner Geir Vindand frå analyseselskapet NIVI. Dei meiner at talet på norske kommunar bør reduserast frå 428 til 105.

NRK har utfordra NIVI til å finne ut kva som er riktig tal på kommunar. Forslaget for Møre og Romsdal er åtte storkommunar.

– Kommunane skal få mange fleire oppgåver og ta over alt frå fylkeskommunen. Då treng vi robuste kommunar, seier Geir Vinsand.

Ålesund vert størst

Dei ser for seg at kommunane må ha minst 10.000 innbyggjarar. Ålesundregionen vert den største eininga i fylket med 80.000 innbyggjarar. Molderegionen får 65.000 innbyggjarar.

– Det finst mange alternativ, men vi trur dette er det beste, seier Vinsand.

To er for lite

Han har ikkje trua på den mjukare varianten av kommunesamanslåing der to og to går saman. Unntaket er Ørsta og Volda. Dermed vil 75 prosent av alle kommunane i landet bli lagt ned og slått saman med nabokommunane. NIVI skal no jobbe i Møre og Romsdal eit heilt år på oppdrag frå Fylkesmannen.

Ventar de sterke reaksjonar?

– Nei, i grunn ikkje. Det kjem til å bli debatt, men det er ei tverrpolitisk forventning om at kommunane skal bli større i framtida, seier Vinstad.