Hopp til innhold

Sjå han snakkar - nynorsk

«Les nynorsk med Donald» er no å få kjøpt i butikkane. Og Noregs Mållag jublar.

Donald Duck

For andre gong i historia kjem det eigne historier på nynorsk i Donald Duck.

Marit Aakre Tennø

Marit Aakre Tennøe, leiar i Noregs Mållag, har vunne ein liten siger i kampen for meir nynorsk.

Foto: Pressefoto / Noregs Mållag

– Det er utruleg kjekt at det no kjem eit hefte dedikert til nynorsk, seier Marit Aakre Tennøe. Ho vaks opp med nynorsk i Haram og har tatt med seg målforma til Sogn og Fjordane der ho no bur.

Som leiar i Mållaget sette ho i gang ein Facebook-kampanje for eitt år sidan. Over 2000 har likt sida.

Lenge sidan sist

No skriv utgjevaren i føreordet at dei gjer dette for å syne kor interessant det er med våre to målformer. Det er rett nok ikkje første gongen dette skjer, for også på 80-talet blei det laga eit eige Donald-hefte på nynorsk. Elles har det kome bokmålshistorier med nokre nynorskinnslag siste året. No kjem det altså to nynorskhistorier i same hefte.

Donald Duck på nynorsk

Mållaget jublar over nynorskhistorier i Donald Duck.

Foto: Noregs Mållag

– Det fortener all heider og er meir enn vi håpte på då aksjonen starta, seier Aakre Tennøe. No håpar ho at det ikkje skal ta 30 år til neste nynorskutgåve.

Litt meir nynorsk

Det nye heftet inneheld ei historie om «Eggemysteriet», der «firkantfolket» snakkar Vossamål, pluss to seriar berre på nynorsk.

– Det finst nesten ikkje teikneseriar på nynorsk for ungar. At eit så populært blad kjem med historier i same hefte, gjer det mogleg for dei å få lest litt meir nynorsk, seier Mållagsleiaren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL