Video Unike påskeegg - Foto: Nyhetsspiller /

Påskeegg utanom det vanlege

Eit slikt egg tar det seks timar å lage

Medan nokre pyntar til påske med det barna har laga, kan Karianne Gjelsvik tilby heilt unike påskeegg.

Karianne Gjelsvik - Karianne Gjelsvik har ein hobby utanom det vanlege. - Foto: Remi Sagen / NRK

Karianne Gjelsvik har ein hobby utanom det vanlege.

Foto: Remi Sagen / NRK
Påskeegg - 100 kroner kostar det for eit egg. - Foto: Remi Sagen / NRK

100 kroner kostar det for eit egg.

Foto: Remi Sagen / NRK
Ender legg egg - Egga kjem frå endene på garden. - Foto: Remi Sagen / NRK

Egga kjem frå endene på garden.

Foto: Remi Sagen / NRK
Karianne Gjelsvik - Karianne Gjelsvik dreg rundt på messer og sel påskeegg. - Foto: Jannicke Farstad / NRK

Karianne Gjelsvik dreg rundt på messer og sel påskeegg.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

På ein gard på Hustad i Fræna kommune sit Karianne Gjelsvik og lagar handmåla påskeegg.

– Det er i grunn galskap, seier Gjelsvik.

Blåse ut innhaldet

Det er nemleg ein omfattande jobb å handmåle egga. Først skal innhaldet blåsast ut, deretter skal egget vaskast, så det ikkje luktar. Og sjølve målejobben kan ta mange timar. Egget treng fleire strok med måling og må leggjast til tørking mellom kvar gong.

Endene legg egg

Og det er ikkje i butikken ho kjøper egga. Dei kjem frå eigen gard.

– Eg har kjøpt ender som skal legge mellom 180 og 200 egg i året kvar, fortel ho.

På garden har ho besteforeldre som gjerne hjelp til med påskeeggproduksjonen. Ho har ikkje tal på kor mange egg det har blitt, men trur det er snakk om mellom 500 og 1000 handmåla egg dei siste fire åra.

Opp til seks timar på eit egg

Egghobbyen har ho ved sida av full jobb.

– Eg brukar mellom halvanna til seks timar per egg, så det er rein galskap, ler ho. Det ferdige produktet sel ho på messer rundt om i heimtraktene, men då ho tok egga med til Sunnmøre på messe der, var ikkje mottakinga like god. Grunnen kan vere at det kostar 100 kroner for eit egg.

– Sunnmøringane synest det er dyrt. Det verka som dei er mest opptekne av å kjøpe egghaldarar til sine eigne egg for å ete, seier Gjelsvik.

Siste video/lyd

Her er dagens utvalde bilete.
Elva Driva er stor etter nedbør, men minka i ettermiddag. Sunndal kommune er i beredskap, men fryktar ikkje ein storflaum.
Trollstigen opna i dag 22. mai. Vegvesenet delte ut twist til dei første som køyrde gjennom bommen.