Hopp til innhold

Siv (45) på veg ned frå Mount Everest etter dramatisk redningsaksjon

Siv Harstad (45), som torsdag blei historisk då ho klatra Mount Everest frå sørsida som første norske kvinne, er no på veg ned frå verdas høgste fjell etter ein dramatisk redningsaksjon.

Siv Harstad med sherpaen Dawa Tenzing

Siv Harstad med sherpaen Dawa Tenzing som var heilt sentral i redningsaksjonen på Mount Everest fredag. (Biletet er tatt tidlegare under ekspedisjonen)

Foto: privat

Laurdag formiddag fekk familien og støttespelarane heime i Noreg endeleg beskjeden dei hadde venta på frå nordmørskvinna som har kjempa for å ta seg ned frå Mount Everst utan å sjå.

Guri Anne Hansen

Guri Anne Hansen gler seg saman med familien til Siv Harstad over at den norske fjellklatrararen er komen ned frå toppen av Mount Everest.

Foto: privat

– Det er ei fantastisk lette å vite at ho er i camp 2, ho er i god form, og ho har gode folk rundt seg. Det å vite at ho er komen ned frå dei kritiske høgdene er stort både for meg og ikkje minst foreldra, som eg snakka med rett etterpå, seier den norske kontaktpersonen hennar, Guri Anne Hansen.

Dramatikk på verdas høgste fjell

Torsdag 19. mai blei Siv Harstad frå Gjemnes historisk då ho som første norske kvinne åleine nådde toppen av Mount Everst frå sør. Men allereie på toppen overtok dramatikken, då det viste seg at 45-åringen var blitt snøblind, og dermed hadde store problem med synet.

No er ho altså trygt nede på 6400 meter, og skal ha fått tilbake deler av synet. Sjølv om det verste er over, ventar framleis den 600 meter loddrette isveggen som skal ta henne vidare ned frå fjellet.

Den største utfordringa no er Khumbu Icefall med bresprekker og smale stigar, der du må sjonglere, men det bør gå bra, seier Hansen.

To nye dødsfall laurdag

Verdas høgste fjell er ein magnet på fjellklatrarar frå heile verda, trass i dei mange dødsfalla. Mount Everest har kravd over 250 menneskeliv, og laurdag melde NTB at to utanlandske klatrarar er omkomne på fjellet.

Siv Harstad og venninna forsøkte sjølve å nå toppen i fjor, men blei stoppa av det dramatiske jordskjelvet som kravde over 7 000 menneskeliv.

Hansen trur likevel ikkje opplevinga no har skremt venninna frå å halde fram.

– Vi får no håpe at ho roar seg og unngår dei høgaste toppane ei lita stund, men Siv har planar om Kilimanjaro seinare i år, så det er nok ikkje siste gongen ho er på eit høgt fjell, seier Hansen.

45-åringen på Kilimanjaro

45-åringen på Kilimanjaro sist haust. Planen er å reise dit som guide igjen neste månad.

Foto: privat