Hopp til innhold

Naturtelefonen er historie

I dag var det aller siste sjanse til å ringe inn spørsmål om pus og livet i havet til NRK Møre og Romsdal sin Naturtelefonen. Det populære programmet vert lagt ned.

Naturtelefonen

Aller siste dag i Naturtelefonen

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ukjent insekt

Ukjende insekt er noko av det lyttarane har lurt på opp gjennom åra.

Foto: Olav Arne Sulebakk
Måse

Er dette ein døyande fugl, er spørsmål ekspertane har fått i studio.

Foto: Per Arne Brandal
Hallstein Vemøy

Hallstein Vemøy er distriktsredaktør i NRK Møre og Romsdal.

Foto: NRK

Sidan 1993 har lyttarane ringt inn til NRK Møre og Romsdal og fortalt sine spesielle dyrehistorier eller spurt naturekspertane i studio om fenomen dei lurer på.

Kan ei ku føle sorg og er kattar synske? Kan ei skjor vere utspekulert? Dette er berre nokre av spørsmål som har blitt svart på dei siste 18 åra.

Det er slutt

Men no er det slutt for Naturtelefonen, som har vore ein stor suksess.

– Det er ei tid for alt og ein suksess kan ikkje vare evig, seier distriktsredaktør Hallstein Vemøy.

Det er store endringar i P1, som gjer at distriktskontora sine formiddagssendingar går ut. I staden vert det ei ny ettermiddagssending frå kl 14–17.

Egnar seg dårleg

I det tidsrommet veit NRK at lyttarane er på farta, straks på veg heim frå jobb, for å hente barn i barnehagen og ut på fritidsaktivitetar. Dermed egnar den nye ettermiddagssendinga seg dårleg for eit program som er basert på innringing.

Telefonstorm

På den aller siste dagen av Naturtelefonen har det vore telefonstorm av innringarar som vil dele sine historier.

– Alle dei som ikkje har turt å ringe inn og fortelje historiene sine før, har i dag tatt kontakt, ler Torild Øvrelid, som i dag har hatt jobben med å svare på telefonane.

Katten gjekk inn på klosettet. Der plassert ho alle fire labbane på potta som stod der etter ungane, sette seg ned og tissa både vel og lenge.

Turid Gautvik / Naturtelefonen

Alle ekspertane samla

Vanlegvis har dei tre ekspertane ornitolog Alv Ottar Folkestad, akvarist Jan Einarsen og veterinær Olaf Birkeland hatt kvar sine sendingar av Naturtelefonen, men i dag var alle samla.

– Det er litt trist at det aldri meir skal vere Naturtelefonen, seier Jan Einarsen og får medhald av dei andre dyrespesialistane.

Mykje latter

Siste dag i naturtelefonen

May Britt Haukås, Jannicke Farstad og Pål Kristian Lindseth var i dag programleiarar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Men om det er trist at Naturtelefonen er eit avslutta kapittel, var stemninga i studio likevel god, med mykje latter og bra historier. I tillegg til programleiarane Jannicke Farstad og Pål Kristian Lindseth, kom også May Britt Haukås på besøk.

Det var ho som var sjølve Naturtelefonen, etter å ha leia programmet frå 1993 til 2010.

Rørt og audmjuk

–Det har vore eit privilegium å jobbe med Naturtelefonen. Eg blir audmjuk og rørt over alle dei som gjennom åra har ringt inn til oss. Det er ikkje kvardagskost for den vanlege mannen i gata å vere med i direktesendt radioprogram og dele tankane sine, seier Haukås. Ho jobbar no ved Runde Miljøsenter.

Haukås forstår at ingenting varer evig og tenker det kan vere greitt å gi seg når ein er på topp.

– Men eg forstår alle dei som vil sakne programmet, seier Haukås. Ho håper NRK ser at folk har eit sterkt forhold til naturen og at dei med tida kan kome med eit nytt konsept.