Hopp til innhold

Sikta i Sunndal blir framstilt for varetektsfengsling

I løpet av dagen blir den sikta 18 år gamle mannen frå Eritrea framstilt for varetektsfengsling. Politiet er nokså sikra på at dei har pågripe rett gjerningsmann, seier politimeister Arnstein Nilssen.

Politimeisteren ved asylmottaket i Sunndal

Politimeister Arnstein Nilssen ved asylmottaket på Sunndalsøra.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det var ein dramatisk og kaotisk situasjon då politiet fekk melding om knivstikkinga på asylmottaket på Sunndalsøra i går kveld, ikkje minst for dei andre bebuarane, seier politimeister Arnstein Nilssen.

Politiet var på plass eit kvarter etter at dei fekk telefon om hendinga, og då var allereie ambulanse på staden. Førstehjelp blei forsøkt men utan å lykkast.

Avhøyr pågår for fullt

No driv politiet for fullt med avhøyr av vitne og også av den pågripne, som elles kjem til å bli framstilt for varetektsfengsling i dag. Fleire var til stades då knivstikkinga skjedde, og dei kan bli viktige vitne.

Les: Den sikta budde ikkje på mottaket.

Les: Sunndalsøra prega

18-åringen hadde rømt, men blei pågripen om lag ein kilometer frå asylmottaket. Pågripinga skjedde utan dramatikk. Politimeisteren stadfestar at dei straks starta å leite etter drapsvåpenet, men sidan det ikkje er funne, held dette arbeidet fram.

Nilssen stadfestar også at 18-åringen ikkje høyrde til på mottaket eller i kommunen. Politiet trur han kom til Sunndal for kort tid sidan, kanskje så seint som i går.

Omfattande etterforsking

Politiet held vakt ved asylmottaket

Politiet har halde vakt ved asylmottaket sidan knivstikkinga.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det er slike ting etterforskinga skal avdekke. Også om han kom for å besøke den no drepne 17 år gamle jenta, seier politimeisteren.

Politiet har også vore opptatt med å halde vakt ved asylmottaket sidan knivstikkinga skjedde. I tillegg skjer det ei omfattande teknisk og taktisk etterforsking, sjølv om politiet er nokså sikre på at dei har tatt rett gjerningsmann.