Hopp til innhold

No er han her igjen

Kvart år kan ein sjå ein mann i fjellsida i Sula på Sunnmøre.

Sulamannen

I fjellsida kan du sjå hovudet av ein mann i profil mot venstre. Mannen, som har på seg lue og mørk frakk, bøyer seg smått nedover og titter mot Ålesund. Sjå også bildet nedst i saka.

Foto: Sigmund Ringseth

Jan Arild Hagen har reist 879 ganger med Hurtigruten

Jan Arild Hagen følgjer godt med på Sulamannen på andre sida av fjorden.

Foto: Ola Helness / NRK
Fridtjof Nansen

Kan det vere eventyraren Fridtjof Nansen som har fast tilhaldsplass oppe i sida på Sulafjellet?

Foto: Henry van der Weyde (George Grantham Bain Collection - Library of Congress), Wikimedia Commons

Jan Arild Hagen har god utsikt til det som er kjend som "Sulamannen" frå heimen sin i Borgundvegen i Ålesund. Ved å sjå over Borgundfjorden eller Hessafjorden, i sørvestleg retning frå Ålesund sentrum, er Sulamannen tidvis lett synleg.

– Han dukkar opp når det er ein passeleg mengde med snø på Sulafjellet. Slik har det alltid vore, så eg tenkjer ikkje så mykje på det lengre, seier han.

– Kven er han eigentleg?

– Mange meiner det er Fridtjof Nansen, og det er eg i grunnen einig i. Han har dei same skrå bartane, seier han.

Andre teoriar er blant anna Roald Amundsen, Arne Garborg og Tsar Nikolaj II.

– Sjå etter kvinna

Torsdag morgon pøsar regnet ned i Ålesund, men Hagen har tru på at Sulamannen vil halde stand ei stund til.

– Eg håper iallfall det. Han held jo til eit stykke oppe i fjellsida, seier han og avslører at det også skjuler seg ei dame litt lengre inne mot Kalvestad og Langevåg.

– Ho dukkar også opp når det er nysnø, så folk kan kike etter og sjå om dei ser ho, oppmodar han.

Sulamannen

Slik såg det ut då Sulamannen vokta over Ålesund 10 desember 2011.

Foto: Karen Håkansson