Hopp til innhold

Seier ho sperra seg inne etter overgrepa

Ei av dei yngste jentene i overgrepssaka i Kristiansund, forklarte tysdag gråtkvalt at ho sperra seg inne og berre ville sove etter det ho blei utsett for.

Tingretten i Kristiansund
Foto: Anne-Mari Flatset

Tysdag formiddag fekk retten høyre ei no 17 år gamal jente forklare at ho fekk angst og sperra seg inne, etter å ha møtt mannen i 20-åra. Saman med to andre jenter fekk ho tilbod om betaling for sex med den no tiltalte mannen.

Prega og gråtkvalt fortalte ho i retten tysdag at dette etterkvart blei ei stor belastning. Ho klarte ikkje å halde fram på skulen, og tenkjer på saka kvar dag, to år etter.

Ho hevda også i retten tysdag formiddag at han skreiv at det ikkje var så farleg kor gamal ho var, så lenge han ikkje visste det.

Samstundes skal mannen ha tatt kontakt med henne via Facebook, og der sto det at ho var fødd i 1998.

Forklarte at ho berre ville sove

Aktor Merethe Falkevik og forsvarar Geir Kvande

Spørmålet om mannen visste kor unge jentene var, er avgjerande for aktor Merethe Falkevik og forsvarar Geir Kvande.

Foto: Anne-Mari Flatset

Også den siste av dei tre jentene, som forklarte seg i retten tysdag, sa at ho sperra seg inne, sov 12-13 timar kvar natt og slutta å bry seg med skulen. Ungdomsskulen klarte ho med eit naudskrik, kunne ho fortelje.

Ho forklarte i retten at det blei betre etterkvart, men vanskeleg igjen då saka blei omtalt igjen i media i samband med rettsaka. På nytt fekk ho søvnproblem.

Laug om alderen

Tidlegare tysdag morgon forklarte ei av dei andre jentene at ho sa til mannen at ho var over 16 år gamal, og gjekk på vidaregåande. I realiteten var ho 15 år og ungdomsskuleelev. I retten forklarte ho at ho laug på alderen for å unngå at han skulle trekkje seg frå avtalen om å få sprit og pengar i bytte mot sex.

Også den tredje jenta forklarte tysdag i retten av ho hadde sagt at ho var 16 år, og ikkje 15 år. Og som ei av dei andre, forklarte ho at opplevinga var eit mareritt.

På spørsmål frå forsvararen til mannen, om kvifor ho i politiavhøyret hadde sagt at dei flirte og hadde det gøy, svarte ho at det handla om fellesskapet dei tre mellom.

Møttes på nettet

Kort tid i førevegen hadde jentene og mannen møttest på ein nettstad. Det som begynte som ein slags spøk, blei etterkvart ein realitet, forklarte ei av jentene.

Etter kort tid møttest dei fire for å ha sex. I bytte skulle 15-åringane få sprit og røyk.

Les også:

Alder sentral

Heilt sentralt i rettssaka, er om mannen i 20-åra var klar over at fleire av jentene han betalte for å ha sex med, var under 16 år.

Ifølgje tiltalen skal han ha forgripe seg mot ei rekkje jenter, dei yngste 15 år gamle, mellom anna på eit offentleg toalett i Oslo, på eit kjøpesenter i Ålesund og på Atlanterhavsparken. Men det er altså strid om mannen visste kor gamle jentene var.

Les også:

Det var opphavleg sett av åtte dagar til saka, men dette er no redusert til fire dagar, ettersom mannen har vedgått mesteparten av det han er tiltalt for.

NRK Møre og Romsdal kjem tilbake med meir.