– Dette er eit godt tidspunkt for NORSØK for å starte eiga forskings-, utviklings- og formidlingsverksemd, seier Turid Strøm. Ho er frå 4. januar tilsett som dagleg leiar for NORSØK, det skriv selskapet i ei pressemelding.
Etter politisk vedtak blir NORSØK no etablert som eit nasjonalt kompetansesenter med 13 tilsette. 1. juli 2015, vart det bestemt at NIBIO ikkje skal fremme ei spesiell driftsform, som økologisk landbruk. NORSØK har difor fått i oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet å overta personell og oppgåver frå NIBIO.
– Eigentleg er dette rett tidspunkt for at vi igjen får eit nasjonalt kompetansesenter som har som mål å fremme og utvikle økologisk landbruk i Norge, meiner Strøm.
– Viktige oppgåver ventar innan forsking, utvikling og formidling. Forbruket av økologisk mat har auka, men produksjonen har stagnert. Her har mange ein jobb å gjere, og NORSØK vil no kunne bli ein viktig bidragsytar.
- Les også:
Unikt miljø på Tingvoll
Turid Strøm har store ambisjonar og stor tru på framtida for det nasjonale kompetansesenteret på Tingvoll på Nordmøre. I tillegg til at NORSØK vil ha 13 tilsette, har Miljøfaglig Utredning tre tilsette og NIBIO vil framleis ha 22 tilsette stasjonert på Tingvoll.
– Miljøet på Tingvoll er unikt. Dette slagkraftige kompetansemiljøet har ei god framtid, og kan levere eit viktig bidrag til å gjennomføre «det grøne skiftet», meiner Strøm.
Ho seier at Tingvoll gard er ein ideell tilhaldsstad for NORSØK.
– Her har ein tilgang til økologisk landbruksareal, økologisk mjølkekubesetning, fjøs og biogassanlegg til forsøk og utprøvingar. Saman med eit sol- og bioenergisenter, utmark og ein økologisk demonstrasjonshage er dette gode arenaer for formidlings- og utviklingsverksemd, seier Strøm.
- Les også:
Ventar vekst
NORSØK har delt fagområda sine inn i fire kategoriar: mat, landbruk, miljø og energi. Dei fleste tilsette tek med seg arbeid i allereie pågåande prosjekt. Vidare er NORSØK tildelt 5 mill kr frå Landbruks og matdepartementet for å fremme økologisk matproduksjon og – forbruk.
– Vi satsar på å vekse til fleire tilsette ganske raskt, men dette er sjølvsagt avhengig av prosjektinngang og andre faktorar, seier Turid Strøm.
Ho meiner ei lita, men effektiv og kompetent privat stifting kan vere ein fordel når ein skal gjennomføre forskings-, utviklings- og formidlingsprosjekt. Ho understrekar at dei sjølvsagt er heilt avhengig av godt samarbeid med universitet, høgskular, ulike institutt og landbruksrådgjevinga.